2 Kommuneleiing - Stab

Kommuneleiing – stab omhandlar fylgjande tenesteområde

  • Kommunedirektør og kommunalsjefar
  • Personal og løn
  • Økonomi
  • Andre fellestenester

Eininga skal levere tidsrette støttefunksjonar etter dei krav og forventningar som er stilt til kommunen si kjerneverksemd og strategiske satsingar.

Drift

Drift

2 KOMMUNE LEIING - STAB Regnskap Buds(end) Budsjett Regnskap
Teneste Alle tal i heile 1 000 2021 2021 2021 2020
1200 KOMMUNEDIREKTØR - KOMMUNALSJEFAR 4 940 4 001 4 186 3 895
1210 PERSONAL OG LØN 2 331 2 363 2 363 2 215
1220 ØKONOMI 2 879 2 790 2 790 4 067
1230 SERVICEKONTORET 2 363 2 329 1 922 2 425
1240 DIVERSE FELLESFUNKSJONAR 3 - 1 007 -
1250 IKT 761 815 815 779
1260 SAKSBEHANDLING - FELLES 1 214 1 082 1 044 819
2110 BARNEHAGE 1 146 1 300 1 152 1 008
2120 GRUNNSKOLE 412 299 299 225
2130 VAKSENOPPLÆRING - 2 2 -
2310 AKTIVITETSTILBOD BARN OG UNGE 10 277 277 -
2412 PSYKISK HELSEVERN 102 100 100 97
2423 MOT - PROSJEKTET - 6 - 355 -
2440 BARNEVERNTENESTE 238 234 234 225
2540 PLEIE, OMSORG, HJELP TIL HEIMEBUANDE 881 1 048 1 048 1 073
2549 KVARDAGSREHABILITERING OG VELFERDSTEKNOLOGI - 128 63 - - 102
2730 KOMMUNALE SYSSELSETTINGSTILTAK 402 329 329 -
3100 FORMIDLINGSLÅN - 82 - - - 153
3250 NÆRINGSKONTORET 687 481 181 -
3253 JORD- OG SKOGBRUK 518 853 853 -
3610 VILTFORVALTNING 161 75 75 -
3620 FRILUFTSLIV 203 256 266 -
3650 KULTURMINNEVERN 35 93 98 -
3700 BIBLIOTEK 827 1 775 1 775 -
3750 MUSEER - 3 3 -
3770 KUNST OG KUNSTFORMIDLING 95 140 140 -
3810 IDRETT 265 250 250 -
3850 KULTURKONTORET 751 802 502 -
3851 ANDRE KULTURTILTAK 165 109 109 -
3852 Frivilligsentral 283 259 259 -
Sum gruppeansvar: 2 KOMMUNE LEIING - STAB 21 457 22 129 22 435 16 573

Området hadde eit mindreforbruk på 672 000. Meirforbruk på ei teneste vert kompensert med mindreforbruk på andre tenester og stillingar har vorte haldne vakante for å halde budsjettet.

Prosjektet omstilling av fellesfunksjoner har gitt effekt gjennom fokus på arbeidsprosessar og digitalisering av tenester. Arbeidet vil fortsette i 2022.

Kostra

Netto driftsutgifter administrasjon per innbyggar.

Indikatoren viser kor mykje av dei totale utgiftene som vert brukt til administrasjon og styring per innbyggar. I indikatoren inngår administrativ leiing, stab- og støttefunksjoner. Data visast i kroner per innbyggar.

2021 2021 2020 2020 2019 2019
Kostra funksjon Netto driftsutgifter på funksjon/tjenesteområde 1532 Giske Kostragruppe 1 1532 Giske Kostragruppe 1 1532 Giske Kostragruppe 1
120 Administrasjon Beløp per innbygger (kr) 3 875 4 149 3 685 4 108 3 602 3 800
231 Aktivitetstilbud barn og unge Beløp per innbygger (kr) 1 103 11 108 28 148
320 Kommunal næringsvirksomhet Beløp per innbygger (kr) -11 -112 1 -91 -5 -3
325 Tilrettelegging og bistand for næringslivet Beløp per innbygger (kr) 30 220 -107 105 58 326
370 Bibliotek Beløp per innbygger (kr) 99 298 195 290 190 348
380 Idrett og tilskudd til andres idrettsanlegg Beløp per innbygger (kr) 31 98 31 83 30 239
385 Andre kulturaktiviteter og tilskudd til andres kulturbygg Beløp per innbygger (kr) 202 279 129 299 294 372
På kostrafunksjon 120 innehelt Tabellen ikkje berre utgifter knytt til rammeområde 2 Kommuneleiing - stab. Tenester som er knytt til rammeområde 3 Fellesutgifter/fellesinntekter, rammeområde 7 Pleie og omsorg og sjølvkostområda i rammeområde 9 Teknisk er også med i tabellen.

For kostrafunksjon 120 administrasjon syner tala at Giske kommune har ein auke frå 2020 til 2021 med kr 190 per innbyggar.

Giske kommune bruker kr 274 450 mindre per innbygger enn gjennomsnittet for kostragruppe 1. Dersom Giske skulle bruke det samme som gjennomsnittet i kostragruppe 1 vil dette utgjort ein auke på 2,4 mill.kr.

Både 2020 og 2021 har vore prega av at det har vore ein pandemi og mykje mindre aktivitet når det gjeld kultur enn normalt. Nokre aktiviteter er også løyst på annan måte, noko som kan gi utslag i tala.

Bibliotektenesta i Giske kommune har i 2021 blitt drifta på eit absolutt minimumsnivå, noko ein ikkje kan halde fram med. Opningstidene og tilbodet har blitt redusert i perioden. Giske kommune brukar kr. 199 mindre per innbyggar enn gjennomsnittet i kostragruppe 1.


Studier har vist at kommunar tolkar og definerar administrasjon ulikt i KOSTRA. Det inneber at tala ikkje er direkte samanliknbare mellom alle kommunar og er noko usikre.