Bygg- og eigedomsavdelinga

5100 Eigedomsavdelinga

Regnskap 2021 : Mindreforbruk kr. 391 629

Mindreforbruk utgjer 1 % av totalbudsjettet for avdelinga.

Ein vert langt på veg berga av sjukelønsrefusjon på om lag kr.1 400 000 (ikkje kompensert med innleige/vikarar), om lag kr. 1 100 000 i auka leigeinntekter samt kr. 800 000 i reduserte straumutgifter (Leigeinntekter frå brannstasjonane utgjer åleine på kr. 785 000). Ein har samtidig hatt meirutgifter på om lag kr. 400 000 i kommunale avgifter samt kr. 800 000 til koronarelaterte tiltak utover budsjetterte midlar.

Forvaltningsmessig er situasjonen fortsatt særs kritisk. Grunna underfinansiering av forvaltning- drift og vedlikehald, har ein over lengre tid opparbeidd seg eit betydeleg vedlikehaldsetterslep. Etterslepet vurderast å vere på kr. 100 000 000.

For enkelte av bygga er situasjonen pr. dags dato slik at konsekvensane av tidlegare manglande/mangelfullt vedlikehald verkar sjølvforsterkande. Dette gjeld til dømes fleire av omsorgbygga som til dømes 3 tomannsbustader frå 1982 på Gudmundvegen/Godøya. Tilstanden på desse bygga er difor allereie svært dårleg. Ein må difor pårekne at vedlikehaldsetterslepet komande år vil eskalere og tilsvarande forkorte det enkelte bygg sin levetid.

I eit bærekraftsperspektiv fordrar rasjonell byggforvaltning meir enn rein funksjons-/verdibevarande vedlikehald. Gitt at ein skal kunne maksimere byggets brukstid/nytteverdi må ein ha midlar til oppgradering for for å møte endra krav til funksjon (brukstilpasning) og energibruk. Pr. i dag har ein ikkje resursar til dette - og har heller ikkje hatt dette over lang tid. Samla sett "forbruker" ein byggningsmassen mykje raskare enn forventa levetid, med tilsvarande hyppigare- og totalt sett fordyrande syklus av sanering/nybygg.

VEDLIKEHALDSETTERSLEP
Bygning/bygningstype Antall kvadratmeter Beregna utbedringskostnad
Rådhus/admin. bygg 5750 96.792.000
Skular 27493 103.305.000
Barnehagar 1816 1 750 000
Kombinasjon sjukeheim/Omsorgsbygg 6323 5.600.000
Sjukeheim 398 91 000
Omsorgsbygg 3987 10.782.000
Idrettsbygg 6968 1.410.000
Kulturbygg 1403 110.000
Næringsbygg 998 5.195.000
Utleigebustader 2129 3.570.000
SUM: TOTALT 57265 100.362.000

Reinhald

Regnskap 2021: 6% overforbruk grunna koronarelatert vikarbruk

Reinhald under koronapandemien har vore krevjande, men totalt sett løyst på ein god måte - både gjenom anskaffelse av smitterobot og tilkallingshjelp. Etter tilbakemelding frå reinhaldsleiar er det imidlertid eit generelt behov for større fokus- og opplæring/kursing av reinhaldspersonellet i smittevern. Dette både som kompetanseaukande tiltak for tenesta og som tiltak for å trygge den enkelte tilsette gjennom bedre å kunne vurdere eigen smitterisiko. Særleg i starten av pandemien var det mange spørsmål og tildels uro blant enkelte av dei tilsette.

I verksemdplan for 2022 følgjer ein opp behovet for kompetanseplan med tilrettelegging for individuelle løp fram til fagbrev.