4 Diverse tenesteområder
Diverse tenesteområde omhandlar fylgjande tenesteområde:
- Sosiale tenester, NAV
Drift
4 DIVERSE TENESTEOMRÅDE | Regnskap | Buds(end) | Budsjett | Regnskap | |
---|---|---|---|---|---|
Teneste | Alle tal i heile 1 000 | 2021 | 2021 | 2021 | 2020 |
2420 | SOSIAL RÅDGJEVING OG VEILEDNING | 2 281 | 2 504 | 2 504 | 1 935 |
2421 | FLYKTNINGKONTOR | 0 | - | - | - |
2760 | KVALIFISERINGSPROGRAM | 1 151 | 1 036 | 1 036 | 1 202 |
2810 | ØKONOMISK SOSIALHJELP | 3 615 | 3 851 | 3 851 | 3 552 |
2851 | NAV DRIFT - STATLEG DEL | - 28 | - 3 | - 3 | - 6 |
3250 | NÆRINGSKONTORET | - | - | - | 1 183 |
3253 | JORD- OG SKOGBRUK | - | - | - | 525 |
3610 | VILTFORVALTNING | - | - | - | 148 |
Sum gruppeansvar: 4 DIVERSE TENESTEOMRÅDE | 7 019 | 7 388 | 7 388 | 8 538 |
NAV Giske, sosiale tenester
NAV Giske hadde eit samla mindreforbruk i 2021 med kr 368 000. Mindreforbruket er knytta til sjukelønsrefusjon og ikkje leigd inn vikar ved sjukdom.
NAV Giske har hatt høg aktivitet og ei positiv utvikling i 2021. Per 31.12.21 var 92% av brukarar med spesielt tilpassa innsats i avtalt aktivitet. Hovudfokuset er fleire i arbeid og auka inkludering. Det har vore arbeidd godt med å få brukarar i tiltak og arbeidsretta aktivitet. Det ligg eit stort handlingsrom til å kunne bruke tilgjengelege og brukartilpassa tiltak. NAV Giske har i heile 2021 nytta handlingsrommet og tildelt budsjett for statlege tiltaksmidlar. Dette fører til at dei fleste av brukarane vil ha rettigheit på andre ytingar enn berre sosialhjelp. Talet på unge sosialhjelpsmottakarar har vore stabilt, også i ein krevjande koronasituasjon. Oppfølging av ungdom under 30 år er ein av hovudprioriteringane. Det er viktig med tidleg og tett oppfølging av denne gruppa. Det gode samarbeidet med Giske frivillegsentral har også hatt stor betydning. Tiltaket vert brukt som aktivitetskrav for mottakarar av sosialhjelp. Det vert også brukt som arbeidsretta aktivitet for brukarar med krevjande og samansette utfordringar.
I 2021 var arbeidsløysa i Giske lav og i desember var 1,3% av arbeidsstyrkjen heilt ledig. NAV si erfaring er at det fortsatt er stort behov for kvalifisert arbeidskraft. Arbeidsløysa i Giske er særleg kjenslevar for aktiviteten i industrien og på flyplassen. Auka aktivitet/nedtrapping her gir store ringverknader til underleverandører og andre.
Trass god tilgang til arbeid har talet på personar som har motteke sosialhjelp i 2021 gått opp frå 2020. Utgiftene til sosialhjelp hadde eit mindreforbruk kr 244 000. I alt 116 personar mottok sosialhjelp i 2021, 46 av desse var under 30 år. Årsak til mindreforbruket er samansett, men høg aktivitet på tiltak er ein grunn. NAV tilsette jobbkonsulent i engasjementstilling for å bistå med å skaffe og behalde arbeid. Ein ser at levekostandane har auka. Dette gjeld utgifter til bustad, straum mm.
NAV Giske har ein del framandspråklege innbyggjarar. Dette gjeld både arbeidsinnvandrarar, flyktningar og familiegjenforeinte. NAV-kontoret har stor pågang frå framandspråklege brukarar. Pga språkutfordringar er det krevjande å rettleie desse på ein god måte. Det krev mykje ressursar og mykje bruk av tolketeneste, samstundes som ein del av desse slit med å kome inn på arbeidsmarknaden.
NAV Giske har også i 2021 hatt fokus på kontakt med bedrifter og næringsliv. Kontakta med lokale og regionale bedrifter er viktig relasjonelt arbeid i høve målsettingar om å få fleire personar ut i arbeid og aktivitet. Vi ser diverre at personar som stod utanfor arbeid i starten av pandemien står lenger unna arbeid, til trass for god tilgong til ledige stillingar. Dette er ofte personar som manglar formell kompetanse og utdanning.
Målekort
Mål | Kva er gjort? | Resultat 2021 |
---|---|---|
Implementere Digitale innbyggjartenester, sosiale tenester (DIGISOS). | Ikkje alle brukarar er digitale, så vi vil ikkje nå 100%. Mål om 80% | Målet er nådd |
Minst oppretthalde plasseringa frå 2018 i kommunebarrometeret for sosialhjelpsutgifter | Behovsjusterte tal frå KOSTRA. 112 brukarar. | Målet er nådd |
Oppretthalde fokus og satsing på gjeldsrådgjeving | Alle som meld behov skal få tilbod om bistand. Har fått tenesta opp å gå etter at den har lagt delvis nede etter sjukdom. | Målet er nådd |
Vurdere kvalifiseringsprogrammet (KVP) for brukarane og tilby program til alle som har fylt vilkåra. | Giske kommune har i rammetilskotet fått budsjett til å ha 7,1 brukarar i KVP. | Målet er nådd. 7 brukarar. |
Sette vilkår om aktivitet 2) ved tildeling av økonomisk sosialhjelp til brukarar under 30 år | Oppfølgjing av ungdom under 30 år er ein av våre hovedprioriteringar. Det er viktig med tidleg og tett oppfølgjing av denne gruppa. Det gode samarbeidet vi har med Giske Frivilligsentral har også hatt stor betydning. Tiltaket blir brukt som aktivitetskrav for mottakarar av sosialhjelp. Det blir også brukt som arbeidsretta aktivitet for brukarar med krevjande og samansatte utfordringar. 66% hadde arbeidsretta aktivitet (måltal 60%) | Målet er nådd |
Ein trygg og sikker arbeidsplass | Fremje meistring, helse og trivsel. Ved heimekontor har det vore vansklegare å fange opp om nokon slit. Ein er også meir utsett for fysiske slitasjeskader. Ein har så langt det er mogleg forsøkt å tilrettelegge for den enkelte sine behov for heimekontor. | Kontinuerleg arbeid |
Systematisk HMS-arbeid | NAV Giske sin HMS/IA plan er fulgt opp. NAV Giske hadde i november 2021 tilsettundersøking saman med resten av NAV. Resultata frå NAV Giske viste høg grad av jobbtilfredshet, engasjement og mestring. | Kontinuerleg arbeid |
God økonomistyring | Mindreforbruk kr 368 000 | Målet er nådd |
Brukarar 2021
Brukarar: | 2019 | 2020 | 2021 |
---|---|---|---|
Arbeidssøkjarar og personar med nedsett arbeidsevne | 408 personar | 566 personar | 481 personar |
Heilt arbeidsledige | 1,4% (62 personar) | 2,6% (118 personar) | 1,3% (59 personar) |
Sjukmelde | 276 personar | 283 personar | 254 personar |
Økonomisk sosialhjelp | 109 personar | 102 personar | 116 personar |
Personar under 24 år som fekk økonomisk sosialhjelp i meir enn 3 mnd. | 2 personar | 3 personar | 46 personar, gjennomsnittleg stønadslengde: 93 dagar |
Gjeldsrådgjeving | 28 saker | 24 saker | 14 saker |
Brukarar i kvalifiseringsprogram | 8 personar | 8 personar | 7 personar |
Kostratal, sosiale tenester 2021
Nøkkeltal | Enhet | Giske | Ulstein | Sykkylven | Sula |
---|---|---|---|---|---|
Sosialhjelpsmottakarar | Antal | 116 | 208 | 63 | 77 |
Tal sosialhjelpsmottakarar 18-24 år | Antal | 21 | 40 | 13 | 21 |
Sosialhjelpsmottakarar med sosialhjelp i 6 mnd eller meir | Antal | 33 | 60 | 24 | 15 |
Sosialhjelpsmottakarar med arbeidsinntekt som hovudinntekt | Antal | 20 | 31 | 15 | 7 |
Sosialhjelpsmottakarar med sosialhjelps som viktigaste kilde til livsopphald | Antal | 30 | 60 | 13 | 19 |
Sosialhjelpsmottakarar som bur i eigd bustad | Antal | 16 | 18 | 7 | 6 |
Tal barn i familien som mottok sosialhjelp | Antal | 57 | 137 | 26 | 56 |
Korona
NAV hadde på plass gode IKT løysninar, som gjorde det lettar å omstille arbeidet. Eininga har hatt stort fokus på å vere tilgjengelege for dei brukarane som har størst behov for bistand. Informasjon er lagt ut på kommunen si heimeside og på nav.no. Det er blitt gjennomført fysiske møter med brukarane som hadde behov for det, elles blei dei fleste møta halde digitalt.
Bærekraftsmål
1 og 2: Forebygge og redusere fattigdom, ta hensyn til barns beste. Tenesta arbeider kontinuerleg med oppgåver for å førebygge og redusere fattigdom.
8: Økt inkludering i arbeidslivet: Aktivitetar og samarbeid med ulike partar for å få fleire i aktivitet og arbeid.
17: Samarbeid mellom ulike enheter. Nav har gjennom året samarbeida med ulike tenester i kommunen, næringslivet og andre aktørar/partar. Samarbeidet har vore viktig for framgang og utvikling i brukarsaker.