Psykisk helsearbeid
Psykisk helseteam barn og unge (PHBU) følgde opp 94 barn, unge og familiar i 2021.
Tenesta har i 2021 prioritert lovpålagde oppgåver, styrkja tverrfagleg samhandling og utarbeidd strengare prioriteringskriterier grunna kutt og redusert bemanning.
Pyskisk helseteam for barn og unge er med på å styrke det samla tilbodet til barn og unge og utfyller dei andre tenestene i eininga. Mest truleg er det relativt lave talet på nye saker til barnevernet på grunn av at fleire får hjelp av denne tenesta.
Teamet er i nær kontakt med foreldre til borna/ungdomane, og har som fagleg ståstad at foreldre er svært viktige støttespelarar til born/ungdomar si psykiske helse, trivsel og utviking. 40% av ressursen er brukt til foreldreretta arbeid.
Kommunen har styrkja sitt lovpålagde krav om å yte psykisk helsehjelp til barn og unge. Tenesta arbeider innan fagfelta til både helsestasjon, PPT, barnevern og oppvekst. Dermed bidrar tenesta i å styrkje og avlaste desse tenestene. Dei har eit godt samarbeid og ei god arbeidsfordeling. Kommunen har lukkast i målet om at tenesta skal vere eit lavterskeltilbod ved å vere tilgjengeleg for befolkninga, gje rask respons og sørge for enkel tilvisingsprosess.
Tenesta har eigen vakttelefon, som er tilgjengeleg i vekedagane. I tillegg kan ein tilvise per telefon. Grunna lav bemanning i teamet, har førebyggjande arbeid blitt nedprioritert. Det vert tildelt fleire og større lovpålagte tenester innan helse- og omsorgstenestelova, og bidreg med viktige tiltak innan barneverntenesta. Spesialisthelsetenesta, ved Barn- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk, har begrensa inntak og oppfølging, noko som gjer at det ligg større ansvar til kommunen å yte tenester både i mengde og i alvorlegheitsgrad innan rus og psykiatri. Kommunen følgjer med på kva konsekvensar pandemien vil gi framover innan området.