STAB
Fagstab
Fagstaben består av
- Seniorrådgivar kvalitet og beredskap
- Pedagogisk rådgivar barnehage
- Pedagogisk rettleiar (utgiftene til denne er ført i ramme 5)
Personal og løn
Personal- og lønsavdeling har 3,9 årsverk. Avdelinga sine hovudoppgåver er:
- Utvikling og vedlikehald av overordna arbeidsgivarpolitikk
- Støtte og rettleiing til einingane i utøving av arbeidsgivarpolitikken
- Lønsarbeid, lokale lønsforhandlingar og rettleiing til einingane i lønsarbeid og i relevant lov- og avtaleverk som gjeld personalområdet
- Bistå einingane i rekruttering og kompetanseutvikling
- Overordna ansvar for HMS/IA-arbeid
- Samarbeid med fagorganisasjonar og verneteneste
Avdelinga har ikkje hatt sjukefråvær. Samarbeidet med tillitsvalde, verneteneste, topp- og einingsleiing fungerer godt. Avdelinga er framleis svært sårbar ved evt. sjukefråver, særlig gjeld dette lønsarbeidet.
Økonomi
Økonomiavdelinga i Giske kommune har 3,7 årsverk. Avdelinga sine hovudoppgåver er:
- Føre rekneskap til Giske kommune og Giske kyrkjelege fellesråd, Gjelds- og finansfovaltning
- Utarbeide samla årsbudsjett og økonomiplan for kommunen og rapportering og oppfølging av dette
- Gi einingsleiarar m/fl. støtte og rettleiing innan økonomi, samt brukarstøtte for budsjettverktøy, økonomi- og e-handelssystem.
- Vere kommunen sitt kontaktpunkt i høve innkjøpsfelleskapet på Sunnmøre, Nordre Sunnmøre kemnerkontor, skatteoppkrevjing og arbeidsgjevarkontroll
Avdelinga leverer i hovudsak tenester til interne brukarar. Det er likevel ein del publikumskontakt knytt til fakturakopi og spørsmål om utsende faktura, lån og aktivitet kring innkrevjing. Avdelinga er avhengig av godt samarbeid med eksterne leverandørar, lån- og finansforvaltarar, samarbeidskommunar og andre samarbeidspartnarar.
Kultur, service og næring
Eining Kultur, service og næring har 10,7 stillingar fordelt på 12 personar. Avdelinga sine hovudoppgåver:
- Sentralbordteneste samt informasjon og rettleiing av innbyggaran knytt til kommunale avgifter, bustønad og startlån
- Giske kommunes felles saksarkiv
- Politisk sekretariat
- Ansvar for førebuing og gjennomføring av kommune- og Stortingsval.
- Bibliotekteneste
- IT ved systemintegrator
- Frivillegsentralen
Hovudmål
Levere god service til innbyggarane og politiske leiing gjennom å vere godt oppdatert på det som skjer i kommunen. Sørge for at politiske saker vert sendt ut i rett tid. Gi god og nyttig informasjon til innbyggarane om ulike tenester og legge til rette for digital sjølvbetjening der det er mogleg. Gi gode bibliotektenester og samhandle med innbyggarane gjennom Frivillegsentralen.
Kulturkontoret
På grunn av delvis vakant stilling som kulturkonsulent, måtte ein prioritere dei viktigaste oppgåvene. Koronapandemien påverka også aktiviteten på kulturområdet med til dels strenge smittevernreglar gjennom året. Det vart betalt ut kulturstøtte til frivillige lag og organisasjonar innan musikk, idrett og museum/historielag. UKM vart avvikla i Øygardshavna under strenge smittevernreglar. Momentium fekk oppdraget med å lage UKM-video. Rullering av kulturminneplanen vart ikkje ferdig behandla i 2021, slik det var planlagt. Kommunen samarbeider med kulturavdelinga i fylket med sikte på ferdigstilling av arbeidet første halvår 2022.
Frivillegsentralen
Den kulturelle spaserstokk/koronamidler har hatt mange forestillingar i 2021. Mange i samarbeid med pensjonistlaga, Giskespelet og egne arrangement. Sysselsetting med NAV har gått omtrent som normalt. 12 personar har vore innom. Nokre har fått jobb, nokre har begynt på skule, og nokre er framleis med i prosjektet.
Aktiv ferie: Svært gode resultat. Om lag 700 deltakarar frå SFO-alder opp til 18 år. I tillegg fekk bukollektivet tilbod om dette. Frivillegsentralen fekk også støtte frå Gjensidigefondet til å tilsette personar som tok tak i dette saman med frivilligsentralen.
- Arbeid med stiar har vore vidareført.
- Stor auke på hjelp til privatpersonar.
- Utdeling av matkasser til jul i samarbeid med butikkar og privatpersonar. 46 familier fekk tilkøyrt desse.
- Frivilligsentralen møter stor velvilje i lokalsamfunnet og har fått inn mykje midlar utanfrå til ulike prosjekt.
- Frivilligsentralen har også i 2021 brukt svært mykje tid og pengar på koronatiltak
Frivilligsentralen er til stor hjelp i utføring av ulike kommunale oppgåver som køyring og bringing, og hjelper både på skular, eldresenter, dagsenter, teknisk og NAV. Det siste har utgjort knapt halvparten av stillinga til medarbeidar på frivilligsentralen.
«Aktiv ferie» vart gjennomført med følgjande aktivitetar i og utanfor Giske kommune: Valldal klatrepark med middag og Atlanterhavsparken med mat, drikke.
Frivilligsentralen brukte mesteparten av midlene i 2021 på lokale tilbud og fekk gjennom dette støtte lag og organisasjonar i kommunen med ca kr. 250.000.
Gjennom det kommunale sysselsetjingsprosjektet får ungdommar som står utanfor arbeidslivet god og variert erfaring med praktisk arbeid. Verdien av dette kan ikkje overdrivast.
Frivilligsentralen har ein unik posisjon I kommunen, og dei får gåvemidlar og anna støtte frå mange ulike kjelder. Sentralen gir eit lavterskeltilbod som veldig mange set stor pris på.
Det ser ut som at einingane brukar frivilligsentralen enda meir enn tidlegare. Dette skjer sjølvsagt då dei ser at ein kan få meir ut av kvar krone ved eit samarbeid med frivillige. Men det er viktig at ein pleier forholdet til dei frivillige. Dei må ha føreseielege vilkår som passar inn med det andre dei er engasjert i. Og dei må bli sett og følt seg verdsett. Dette bør alle som er mottakar av eller samarbeider med frivillige, bite seg merke i.
Samarbeid også med Vigra pensjonistlag og grunneigarar om stien langs Blindheimsfjellet. Der har det hittil kome inn ca. 750.000 kroner i sponsormidlar og det er kome halvvegs på prosjektet.
Biblioteket
Korona-pandemien fortsatte å prege samfunnet og biblioteket også i 2021, men det er likevel dei reduserte opningstidene som har hatt størst innverknad på besøks- og lånetall. Mange møter med stengt dør har gjort at ein del av våre lånarar har lagt om bibliotekbruken sin til å heller å nytte tilbodet i Ålesund eller på Moa, dette ser ein mellom anna ved at mange av innleveringane i bokkassene er bøker lånt i andre bibliotek.
- 520 aktive personlege lånarar og 120 institusjonar
- Besøk: 7 210
- Utlån: Totalt 12 097 alle medier i 2021. Dette er en liten nedgang i forhold til 2020, men kan enkelt forklares med reduserte opningstider delar av året.
- Besøk av barnehagar og skuleklassar har heilt opphørt som følge av minimal bemanning.
- E-bok-appen BookBites fungerer godt.
Tabell styringskort og styringsindikator
Fokusområde | Mål | Måleindikator | Resultatmål 2021 | Resultat 2021 |
---|---|---|---|---|
Innbyggarar | Kvalitet tilpassa dei økonomiske rammevilkåra | Plassering i forbrukerrådet sine testar av kommunal service | 100 eller betre av kommunane i landet. 10 eller bedre av kommunane i Møre og Romsdal | Ikkje publisert |
Forenkling og effektivisering gjennom digitalisering | Videreutvikle digitale verktøy for innbyggjarane | Starta arbeidet med å utarbeide digitale skjema Bookingsystem for innbyggarane | ||
Velfungerande informasjons- og kommunikasjonskanal | Relevant informasjon er lett tilgjengeleg for innbyggjarar og tilsette døgnet rundt. System med digitale søknader mm fungerer godt | Videreutvikle og arbeide meir strategisk med informasjon til innbyggarane | Videreutvikla heimesida Informasjon om koronapandemien - mange publiserte saker Påbegynt arbeid med chatrobot Opplæring av fleire redaktørar av heimesida | |
Medarbeidarar | Auke intern beredskapskompetanse | Gjennomførte øvingar | Øving på utvalde hendingar | Delteke på øvingar i regi av Statsforvaltar, Nordic Wildfish og Helse Sunnmøre |
Velfungerande kvalitets- og internkontrollsystem | Gode tilbakemeldingar frå tilsette og innbyggjarar. Regelmessig rullering, og få avvik på tenestene som blir gitt | Etablere rutine og prosedyrer for dei mest risikobelasta områda | Oppbygging av kommunen sitt heilskaplege kvailitetssystem - Compilo, samt opplæring og implementering GDPR - opplæring Utarbeidd "Mål og strategi for arbeid med internkontroll og kvalitet i Giske kommune 2021 - 2024" | |
Godt arbeidsmiljø og tilfredse medarbeidarar | Nærvær | 98 % | 90,6 % | |
Enkel og effektiv support og drift ved hjelp av digitale verkty | Gjennomført opplæring på nye digitale verkty | Ta i bruk support via Teams | Aktiv bruk av Teams i opplæring | |
Fellesfunksjonar har rett kompetanse og eit godt fag- og arbeidsmiljø | God trivsel og gode tilbakemeldingar frå adm. Leiing og einingane | Plan for kompetanseheving er ferdig | Ikkje utført | |
Økonomi | Lav andel av administrative ressurser. God økonomistyring | Alle ledere har kompetanse og forståelse for økonomi og økonomistyring | Kurs og opplæring er gjennomført | |
Kostra Netto driftsutgifter på funksjon 120 administrasjon per innbygger | ≥ kr 3 500 per innbygger | kr 3 875 per inbygger | ||
Kostra Netto driftsutgifter på funksjon 120 som andel av totale utgifter | 6 % | 6,2 % | ||
Avvik i % av netto driftsramme | ≤ 0 | -3 % |