Veganlegg, parkar og plassar

Regnskap 2021 : Meirforbruk kr. 234 032

Ansvarsområdet har tre ulik tenesteområder:

3320 Kommunale vegar

Rekneskapen viser eit mindreforbruk på kr. 892 931. Dette skuldast feilføring der overføring frå Kyrkja på kr. 1 160 000 er ført på dette tenestområdet. Midlane skal kompensere for drift av kyrkjegardane og skulle vere ført på teneste 3350 Parkar og plassar.

Korrigerer ein for feilføringa har tenesteområdet kommunale vegar eit meirforbruk på kr. 267 073


Snøbrøyting/vinterdrift:

Giske kommune har i dag 7 brøyteroder. Av desse brøyter kommunen 1 rode sjølv. Giske kommune setter opp brøytestikker for alle rodene. Giske kommune strør sand for alle rodene utanom rode T6 Godøya. Det er i dag ca. 88 km med kommunal køyreveg og ca. 20 km med gang- og sykkelveg i kommunen.

Det har vore vesentleg snømengde i løpet av sesongen. For året 2021 har ein hatt effekt av 4 nye brøyteavtalar (nye- og høgre prisar) som har bidrege til overforbruk på kr. 670 458 i høve budsjett. Sett under eit vert det samla overforbruk redusert til kr. 267 073 grunna mindreforbruk på vedlikehald anlegg og større andel refusjonar frå staten samt sjukelønsrefusjon.


Trafikktryggingstiltak:

Det var ingen midlar på budsjettet for trafikktryggingstiltak eller mindre veganlegg i 2021. Det har ikkje blitt utført noko tiltak under prosjekt 6204 Trafikktryggingstiltak.

Det er utført trafikktryggingstiltak på Romsdalsvegen på privat initiativ- og kostnad i form av etablering av farsthump. Fylkeskommunen har etablert opphøgd gangfelt ved Godøya barneskule.


3341 Gatelys

Meirforbruk på kr. 70.472

Ein har hatt mindre straumforbruk på om lag kr. 290 000 enn budsjettert. Samtidig har ein hatt meirutgifter på om lag kr. 280 000 til utskifting av gatelys grunna etterslep frå tidlegare år. Vidare har ein motteke om lag kr. 50 000 mindre i refusjon frå stat- og fylkeskommune enn budsjettert.

Giske kommune har ansvar for drift og vedlikehald for ca. 3100 gatelys. Dette er gatelys på kommunale vegar, fylkesvegar og delar av riksveg i kommunen. Drift og vedlikehald av gatelys på riksveg og nokre av fylkesvegane får vi refusjon frå Statens vegvesen og Fylkeskommunen. På fylkesveg får vi refusjon på dei vegane med ÅDT over 1200.

Størsteparten av drifts- og vedlikehaldskostnadane er naturleg nok i vinterhalvåret med tilsvarande reduserte kostnader sommarhalvåret.

3350 Parkar og plassar

Rekneskapen viser eit meirforbruk på kr. 1 056 491. Dette skuldast feilføring der overføring frå Kyrkja på kr. 1 160 000 er ført på tenestområdet 3320 Kommunale vegar - jf. pkt ovanfor. Midlane skal kompensere for drift av kyrkjegardane og skulle vore ført på dette tenesteområdet.

Korrigerer ein for feilføringa har tenesteområdet eit mindreforbruk på kr.106 509

Sjølv med auka overføringar frå kyrkja, er tenesta fortsatt underfinansiert/underbemanna tilsvarande to heile stillingar. I realiteten er park-/kyrkjegardstenesta heilt avhengig av støtte (bemanning) frå VAR-området for å kunne går rundt. Dette er kryssfinansiering frå sjølvkostområdet (abonnentane) som ikkje er lovleg. Ei oppjustering av driftsmidlane er difor påkrevd gitt at ein skal kunne halde parktenesta på dagens nivå.