Grunnkjøp
5520 Grunnkjøp
Regnskap 2021 : Meirforbruk kr. 894 513
Ansvarsområdet handsamar alle tingsrettslege problemstillingar knytt til kommunens eigedomar - både for det som gjeld tidlegare saker, pågåande- og framtidige erverv/avhendingar. Grunna bemanningssituasjonen (permisjonar og sjukdom) har ein ikkje kunna gitt arbeidsområdet tilstrekkeleg prioritet.
Meirforbruket er ein konsekvens av at det i mange av sakene er behov for rettslege avklaringar. Ein har kjøpt juridisk bistand for om lag kr. 500 000. Innlagt innsparingstiltak på kr 500 000 i form av reduksjon i stillingar har vore uråd å gjennomføre - gitt den øvrige bemanningssituasjonen.
Det er arbeidd med to større grunnerverv:
1. Sluttføring av erverv av Olmannsvika. Beregning sjøgrunn, utbetaling og overskøyting sluttført.
2. Tilbakeføring av industritomt gnr.7 bnr.309
Eigedomar som skal avhendast selgast som hovudregel gjennom megler. Tremannsbustad – Borniteigen 19, 21 og 23 (Synes) 6/246//1, 2,3 var avhenda i perioden mai-juni 2021.
Øvrige eigedomar som er forsøkt avhenda gjennom megler:
- Bustadtomt – Demmevegen 7 (Roald) 1/706
- Bustadtomt - Øygarden 12 (Stor-Pe teigen) 129/78
- Bustadtomt – Øygarden 14 (Stor-Pe teigen) 127/77
- Skjong barneskule - Nygjerdet 11 186/687 m. fleire