3 Fellesutgifter - fellesinntekter

Fellesutgifter - fellesinntekter omhandlar fylgjande tenesteområde:

På dette ansvarsområdet blir det ført inntekter og utgifter som er felles for heile kommunen sin organisasjon og som ikkje kan knytast opp mot einskilde einingar eller stab. Døme på dette er:

  • Felles personaltiltak / arbeidsmiljø
  • Generelle arbeidsmiljøtiltak
  • Diverse fellesfunksjonar:
    • Felles IT program, maskinvare og serviceavtaler.
    • Felles datakommunikasjon
    • Telefon og telefax
    • Frankering – porto
    • Kontingent til KS
    • Felles pensjonsutgifter/inntekter - premiefond.
    • Premieavvik blir samla her frå 2011.
    • Løn til lærlingar
    • Løn til hovudtillitsvalde og hovudverneombod
    • Utgifter til bedriftshelseteneste

Drift

Drift

3 FELLESUTGIFTER/FELLESINNTEKTER Regnskap Buds(end) Budsjett Regnskap
Teneste Alle tal i heile 1 000 2021 2021 2021 2020
1212 GENERELLE PERSONALPOLITISKE TILTAK 1 434 1 377 1 377 1 057
1215 GENERELLE ARBEIDSMILJØTILTAK 360 418 418 850
1240 DIVERSE FELLESFUNKSJONAR 15 117 10 383 10 578 13 966
1700 ÅRETS PREMIEAVVIK KLP - 1 503 - 12 939 - 12 939 - 2 846
1701 ÅRETS PREMIEAVVIK SPK - 562 - 104 - 104 205
1710 AMORTISERT PREMIEAVVIK KLP 8 099 8 714 8 714 7 646
1711 AMORTISERT PREMIEAVVIK SPK 77 455 455 123
1720 PENSJON 150 - - 175
1730 PREMIEFOND - 29 511 - 2 853 - 2 853 - 3 992
1800 DIVERSE FELLESUTGIFTER 16 337 337 16
2110 BARNEHAGE 905 211 211 114
2120 GRUNNSKOLE 1 096 236 236 296
2343 KJØKKEN (MAT TIL HEIMEBUANDE) 282 236 236 210
2540 PLEIE, OMSORG, HJELP TIL HEIMEBUANDE 1 703 1 071 1 071 338
2546 GISKE OMSORGSSENTER 1 232 253 253 251
2548 BUFELLESSKAP FUNKSJONSHEMMA 1 489 - - 114
Sum andre tenester knytt til fordeling av pensjonskosnader 5 695 - - -
Sum gruppeansvar: 3 FELLESUTGIFTER/FELLESINNTEKTER 6 080 7 797 7 992 18 524
Endring i reglane for offentleg tenestepensjon medførte at det vert frigjort betydlige midlar frå oppsparte pensjonsreserver (premiereserver) ved at avsetningskravet til framtidige alderspensjoner er redusert. Desse midlane vart tilført premiefondet. I k.sak 36/21 vart det vedteke å nytte premiefondet til å dekke deler av pensjonskostnadande i 2021. Pensjonskostnadane vert normalt ført på dei øvrige rammeområda, men då dette vil gi ein høg pensjonskostnad og meirforbruk på på tenestene, er avrekninga med kr 12 033 641 av pensjonskostnaden ført på Ramme 3 slik at effekten vert utjamna. Pensjonskostnaden skal imidlertid henførast til tenestene og er i oversikta samla for dei tenestene der det kun pensjonskostnader som er bokført.

Rammeområde 3. Fellesutgifter – fellesinntekter viser eit mindreforbruk på kr 1 717 000.

Meirforbruket skriv seg frå ansvar 1300 Felles drift og dei største avvika finn ein i teneste 1240 Diverse fellesfunksjonar - med eit meirforbruk på 4,7 mill kr. Det er ein auke i utgifter til datakommunikasjon, lisensar og serviceavtalar som ikkje har vore fanga opp ved budsjetteringa. på ca 1,1 mill. kr for kommunen samla. At avviket er større på ramme 3 enn kommunen samla viser at tenesta fortsatt er ein samlepost for utgifter som tidlegare vart fordelt på rammeområda.

Premieavvik vert budsjettert som inntekt – amortiseringa ei utgift, netto utgjorde det ein utgift på 6,1 mill. kr. Premieavviket i KLP var budsjettert som inntekt med kr 12 938 968 medan det vart kr 1 317 139. Bruk av premiefond vart 25,8 mill. kr, og er 23,3 mill.kr over budsjettet. Begge deler må ein sjå i sammenheng med reduksjonen i pensjonskostnadane som er fordelt på einingane, netto vart det eit samla meirforbruk på 1,7 mill. kr for pensjonskostnadane.

Premieavviket er differansen mellom den berekna pensjons-kostnaden som vert ført i rekneskapen og premien som faktisk er betalt. Den betalte premien vil blant anna avhenge av avkastninga pensjonstilbydaren oppnår på pensjonsmidlane og lønsveksten rekna med utgangspunkt i lønsnivået ved utgangen av året.

Dei øvrige tenestene gjeld stort sett lærlingløn for heile kommunen. Avvika kjem av at den faktiske fordelinga av lærlingane vart ulik den budsjetterte.

Kostra

Kostra

Kostra funksjon 2021 2021 2020 2020 2019 2019
1532 Giske Kostragruppe 1 1532 Giske Kostragruppe 1 1532 Giske Kostragruppe 10
180 Diverse fellesutgifter Netto driftsutgifter, beløp per innbygger 2 -116 2 72 3 77
170 Årets premieavvik Netto driftsutgifter, beløp per innbygger -240 2 304 -310 -908 -1 519 -1 871
171 Amortisering av tidligere års premieavvik Netto driftsutgifter, beløp per innbygger 951 1 189 913 1 231 703 772
172 Pensjon Netto driftsutgifter, beløp per innbygger 29 22 21 4 35 4
173 Premiefond Netto driftsutgifter, beløp per innbygger - 3 428 -2 041 -469 -556 -621 -881