Heimebaserte tenester

Det vert levert heimebaserte tenester både i bukollektiv, bufellesskap, omsorgsbustader og i heimen til brukaren. Tenestene er heimesjukepleie, praktisk bistand, BPA (brukarstyrt personleg assistanse), kvardagsrehabilitering og velferdsteknologi. Heimebasert teneste er den største tenesta i omsorgsdistrikta og Meistring og psykisk helse, og vert gitt til brukarar, barn,unge og eldre. Den står føre ei tid med stort fokus på tenesteutvikling, tverrfagleg samarbeid, digitalisering og nye arbeidsmetodar. Tenestene er i tett samarbeid med tildelingskontoret i vurdering og utmåling av teneste. Målet er at brukaren vert sjølvhjelpt så langt som råd og vere meir aktiv i eige liv. Kvardagsrehabilitering er implementert som fast teneste i kommunen og heimebaserte tenester har fått opplæring i modellen som skal vere ein aktiv del av tenesteytinga. Det vert framover ei nøye vurdering av kva ein kan tildele av velferdsteknologiske løysingar som første val.

Tenestene merkar ei auke både i tal på brukarar og i kompleksitet innan pleie og omsorgstenestene. Tal brukarar innan heimebasert teneste har hatt markant auke sidan 2015, noko som har ført til stor belastning på dei tilsette. Dei siste åra har auke i budsjett til ramme 7 vore knytt til BPA og auka behov for store ressurskrevjande tenester til barn og unge med særlege behov. Kommunen er ikkje budd på slik auke og har ikkje tilrettelagt bustad eller personell/kompetanse. Det fører til at vi i enkelte tilfeller må kjøpe teneste frå privat leverandør. Kartlegging av tenestene på brukargruppenivå, utført av Agenda Kaupang januar 2022, viser at kommunen har store kostnader til mennesker med nedsett funksjonsevne. KOSTRA-tal viser at denne har auka dei siste åra.

Nye måtar å yte teneste på vert avgjerande for at kommunen skal klare å møte framtidige behov. Heilhetleg bustadpolitikk, tenesteutvikling og samhandling vil vise seg å vere viktige og avgjerande strategiar i tida framover.

Spesialisthelsetenesta vurderer stadig sine tenester og kommunen merkar godt at brukarane kjem raskare heim og er dårlegare enn tidlegare. Dette fører til eit stort press på heildøgnsplassane og auka krav til meir tenesteyting i heimane. Kommunen har i fleire år klart å ta i mot utskrivingsklare pasientar frå sjukehuset. Men i 2019, 2020 og 2021 har ikkje kommunen fullt ut klart dette. Kommunen har lavare kostnader enn andre kommunane, men vi leverer likevel eit meirforbruk ut frå budsjettert ramme i 2021 med kr 600 000.

2021 har vore prega av svært pressa drift med krevjande brukarsituasjonar med stort behov for oppfølging og kompetanse. Heildøgsplassane er til ei kvar tid nytta og ved fleire avdelingar er det overbelegg. Kommunen har vanskar med å rekruttere sjukepleiarar og helsefagarbeidarar, og fleire signaliserer at dei ikkje maktar å gå i 100% på grunn av stort arbeidspress. Sjukefråværet er i enkelte avdelingar høgare enn tidlegare år, samstundes har vi også avdelingar med eit mykje lavare sjukefråvær enn tidlegare. Giske omsorgssenter hadde i 2021 meir enn halvert sjukefråværet på eitt år. Det er arbeidd systematisk med nærvær og ein ser også at driftstiltak med tilsetting av servicevert har vore vellukka.

Omsorgstenestene viser ei markant auke sidan 2014, i tal brukarar, tal tildelte tenester og tal elektroniske meldingar (elektroniske meldingar mellom kommunen, sjukehuset og fastlegane). Einingane har driftstiltak om å ikkje leie inn ved fråvær eller vakante vakter. Dette er krevjande å gjennomføre og ein merkar slitasje på dei tilsette.

Utfordringa vidare vert å ha økonomisk berekraftige tenester, yte fagleg forsvarlege tenester, rekruttere rett og god kompetanse, handtere auka innan bu- og tenestetilbod til barn og unge med spesielle behov, møte auka innan tal demente, auka forventing til kva kommunale tenester skal yte og halde tritt med nye lover, krav og forskrifter. Strategi bu-og tenestetilbod helse og omsorg 2050, vert svært viktig for korleis kommunen skal møte utfordringane i tida framover.