Skulehelseteneste og helsestasjon
Tal årsverk: 7,5 faste stillingar og 2,8 prosjektstillingar finansiert av tilskotsmidlar frå Helsedirektoratet.
Brukarar: 2000 barn og foreldre.
121 born vart fødd i Giske kommune i 2021, + 4 born fødd som er nytilflytta.
TIDLEGARE FØDSELTAL: BUANDE BORN I ÅRSKULLET:
2020- 99 fødslar 97 born
2019 - 101 fødslar 98 born
2018 - 110 fødslar 113 born (+ 3)
2017 - 122 fødslar 135 born (+13)
2016– 114 fødslar 125 born (+11).
Helsestasjonen har i 2021 arbeidd med å utvikle tverrfagleg oppfølging og styrkje helsefremjande arbeid til familiar, barn og unge. Helsestasjonen deltek i Betre tverrfaleg samhandlings-prosjektet, og i grupper for korleis i vare ta oppfølging av risikobarn. Helsesjukepleiarane har stort ansvar når det gjeld individuell plan og oppfølging av utsette barn og unge. Det er gjennomført foreldeførebuande kurs, foreldreveiledningskurs, mestringsgruppe i 6. klasse og psykisk helse i 4. og 9. klasse.
Giske kommune er ei vekstkommune og har ca 20% utanlandske innflyttarar som krev ekstra teneste av helsestasjonen. Kort liggetid på sjukehuset t.d knytt til fødsel, gir større ansvar og utfordringar for helsestasjon.
Helsestasjonen er blitt styrkja med tilskotsmidlar i fleire år, også i 2021.Dette gjer at vi kan styrkje jordmortenesta med 0,4 årsverk jordmorstilling og 2,4 årsverk helsesjukepleiar til helsestasjonen. Tilskotet har gjort det mogleg å arbeide meir med førebyggande tiltak, tidleg innsats, tverrfagleg samarbeid og generelt vere tettare på barna. Det er utarbeidd og tatt i bruk prosedyre for kartlegging av rusvaner og vald i nære relasjonar. Fastlege og jordmor har starta kartlegging av alkoholvanar til dei gravide, her er prosedyre tatt i bruk. Alle babyforeldre får tilbod om å vere med i barselgruppe x 1 på helsestasjon. Alle førstegangsforeldre får tilbod om foreldreførebuande kurs før fødsel. Alle foreldre får tilbod om Cos-P, foreldreveiledningsgruppe. Heimebesøk til alle ny fødde av jordmor og helsesjukepleiar. Etterkontroll tilbod til mor av jordmor, 6-8 veker etter fødsel har ikkje vore mogleg å gjennomføre slik planlagt grunna pandemien og stort sjukefråvær i tenesta. Dette vart kompensert med at ein del heimebesøk blei gjennomført på helsestasjonen. Det er viktig å presisere at alle nyfødde er blitt fulgt opp og har fått god helsehjelp.
Psykiske vansker er aukande og ein ser at tverrfagelg samarbeid om oppfølgingsgruppene er nødvendig. Helsesjukepleiar samarbeider med psykisk helseteam og barnevern om ein del grupper. Skulehelsetenesta er eit synleg og tilgjengeleg tilbod i skulane. Psykisk helseteam og helsestasjonen har hatt undervisning om psykisk helse i skulane, dette har blitt godt motteke av både elevane og lærarane.
Kostratal helsestasjon- og skulehelseteneste, 2021
Nøkkeltall | Enhet | Giske | Kostragruppe 01 | Landet utan Oslo |
---|---|---|---|---|
Avtalte årsverk i helsestasjon- og skulehelsetenesta per 10 000 innbyggerer | Årsverk | 41,8 | 56,7 | 50,4 |
Andel nyfødde med hjemmebesøk innen to uker etter heimkomst | Prosent | 41,7 | 94,2 | 88,3 |