Regulering - behandling av private planforslag

5500 Regulering

Regnskap 2021 : Meirforbruk kr 1 667 304

Det er gjort vedtak om at ansvarsområdet skal være sjølvfinansierande gjennom gebyra. Tidlegare år har sjølvkostgraden vore god: Året 2020 var dekningsgraden heile lag 83 %. Veiledningsplikta er ein kostnad for kommunen som ikkje kan dekkast inn gjennom gebyr. Ein vil difor aldri ha 100 % kostnadsdekning.

Antal (årlege) planar som skal finansiere kostnadane er etter måten lågt - stipulert til +/- 10 årlege planforslag. Ikkje alle planar vert ferdig handsama- og fakturert innanfor regneskapsåret. Planarbeid som av ulike grunnar tek lengre tid, eller som av privat forslagstillar vert sett på vent - får difor negativ innverknad på inneverande års inntekter og tilsvarande positiv innverkand påfølgjande år.

For året 2021 har ein ikkje motteke nye planforslag eller ferdigstilt planarbeid noko som har resultert i tilsvarande manglande gebyrinntekter. Til orientering er det til pr. dato meldt oppstart av to nye reguleringsplanar i tillegg til at ein har registrert bevegelsar i arbeidet med tidlegare oppmeldte planforslag.

Planar oppstarta 2020:
Larsgjerdet/Nygård Giske.
Gnr 127 bnr 3 - Nordaust for Giske kyrkje.
Del av Gjøsundmyrane .
Planar vedtekne 2020:
Stor-Pe-teigen Giske
Reinseanlegg Valderhaugstrand
Ytterlandshamna II
Reguleringsendring Sentrumsplan BK9
Ny gjenvinningsstasjon Gjøsundmyrane
(Ytterland park eigengodkjent i kommunetyret i første møtet 2021)