Vesentlege avvik frå kommunestyret sine premiss for bruk av bevillingane
Utgangspunktet for arbeidet med Handlings- og økonomiplanen for 2021 - 2024 var å utarbeide konsekvensjustert budsjett med ei forutsetning av kva det i 2021 vil koste å drive kommunen sitt tenestetilbod ut frå den standard og det volum som er etablert, herunder full årseffekt av endringar/sparetiltak som er sett i gong i løpet av 2020.
For å få eit budsjett i balanse vart det i tillegg utarbeidd tiltak. Av desse viste det seg at ein del ikkje vart gjennomførbare, andre kom så seint i gang at det ikkje vart ønska effekt i 2021. Det er gjennom heile 2021 lagt fram saker og rapportar for formannskap og kommunestyret som viser statusen og effekten av tiltaka.
Skatteinngangen vart kr 32 360 000 over det som vart lagt til grunn i budsjettet. Ved budsjetteringa var det forutsatt at kommunen ville ha skatteinntekter med 88,4% av landsgjennomsnittet og motta 18,1 mill.kr i inntektsutjamning. Ved avslutninga av året var Giske kommune sin skatteinngang 92,2% av landsgjennomsnittet, og inntektsutjamninga vart 10,7 mill.kr. Skatteinngangen har vore god gjennom heile året, og budsjettet har vorte auke med skatteinngang med 13,4 mill kr gjennom budsjettendringar. Ein stor del av skatteinngangen kom imidlertid så seint at det ikkje vart tid til å justere budsjettet.
Korona-pandemien var naturleg nok ein premiss som også i år er endra i høve budsjettvedtaket. Dette har utfordra tenestene og sjølv om Staten har overført meir midlar for å dekkje meirutgiftene er dette stort sett knytt til konkrete tiltak, endringar i prioriteringar og utsetjing av prioritert arbeid vert ikkje dekt.
Der har over fleire år lagt ein periodiseringsfeil i rekneskapen ved at variabel løn for desember er bokført i januar. Ved rekneskapsavslutninga er denne feilen no retta. Dette var ikkje budsjettert og heller ikkje rapportert i sak til formannskap og kommunestyre.
Giske kommune har vore på ROBEK sidan 2016, og utgangspunktet for investeringar i 2021 var stort sett lånegodkjenning til investeringar i VAR sektoren, samt lån til vidareutlån. Øvrige investeringar vart finansiert ved ubrukte lånemidlar, og strengt prioritert.Detaljer oversikt over avvik per prosjekt ligg i del 3. Investeringar - oversikt over prosjekt.
I investeringsrekneskapen er der eit avvik på bruk av lån med 85,3 mill.kr. i høve opprinneleg budsjett. Det har vore to budsjettendringar med auke i låneramme:
- K.sak 7/21 auke i låneopptak med 12 mill.kr til tilrettelegging av bygg knytt til bygningsmessige endringar for å kunne gjennomføre ny skulesturktur.
- prosjekt 2334 Giske ungdomsskule - tilrettelegging Pyramiden, der tilrettelegging av Pyramiden blei erstatta av modulbygg
- prosjekt 2335 Godøy skule - tilrettelegging 1. - 4. klasse
- K.sak 49/21 auke i låneopptak med 82,5 mil.kr til prosjekt 5856 Mudring Gjøsundet - eit forkotteringsprosjekt med Samferdselsdepartementet
I samband med prosjekt 5856 er det gjennomført ein del grunnkjøp i som ikkje var teke med i det opprinnelege investeringsbudsjettet prosjekt 6254, dette saman med utbetalingar av erstatningar for grunnkjøp til skulevegen på Giske, prosjekt 5605, medførte utbetalingar som gjorde at investeringar måtte omprioriterast gjennom budsjettendringar og omprioriteringar av prosjekt. Utbetalingane i prosjekt 5605 Skulevegen på Giske vart noko høgre enn avset beløp i budsjettendringa.
Prosjekt 5370 Kartlegging - Marine grunnkart vart avslutta i 2021 og sluttrekneskap oppgjort. Dette var ikkje tatt med i budsjettet og det vart derfor eit meirforbruk på 2,4 mill.kr.
Prosjekt 5304 Tankbil brann, prosjekt 6252 Overføringsledning Godøy - Giske og prosjekt 6372 er prosjekt som ikkje er avslutta i 2021, og har derfor mindreforbruk på henholdsvis kr 271 442, 1 449 179 og kr 3 164 872. Arbeidet på desse prosjekta vil bli sluttført i 2022.
Detaljer oversikt over avvik per prosjekt ligg i del 3. Investeringar - oversikt over prosjekt.