Barnehage og styrka tilbod (førskuletilbod)
Oversiktsrapport | Kommunale barnehagar | Konserneigde barnehagar | Foreldreeigde barnehagar | Livssyns-barnehagar | Sum Giske kommune |
---|---|---|---|---|---|
Antal barnehagar | 2 | 2 | 2 | 2 | 8 |
Antal barn totalt (0-6) år | 115 | 204 | 97 | 139 | 555 |
Antal barn 0-2 år | 39 | 77 | 30 | 40 | 186 |
Antal barn 3-5 år | 76 | 127 | 67 | 99 | 369 |
Antal ansatte totalt | 31,4 | 59,76 | 24,33 | 36,45 | 151,94 |
Antal styrarar og pedagogiske leiarar | 11 | 23 | 12 | 17 | 63 |
Andel styrarar og pedagogiske leiarar med midlertidig dispensasjon | 16,7% | 33,3 % | 25 % | 35 % | 20,3% |
Andel styrarar og pedagogiske leiarar med varig dispensasjon | 0 % | 0 % | 0 % | 0 % | 0 % |
Andel styrarar med godkjend utdanning | 100 % | 100 % | 100 % | 100 % | 100 % |
Andel pedagogiske leiarar med godkjend utdanning | 78,3 % | 60,9 % | 82,5% | 72,7 % | 81 % |
Teneste 2110 Barnehage
Giske har 6 private og 2 kommunale barnehagar. 99,5 % av barna i barnehage har full plass.
Talet på barnehagebarn er redusert frå 579 i 2020 til 555 i 2021, ein nedgang på 24 barn. Talet på tilsette er og redusert med 33 årsverk frå 2020 til 2021.
Giske kommune har aukande overkapasitet på barnehageplassar. Framskrivingstala peikar på reduksjon frå 739 til 632, totalt 107 færre barnehagebarn. Dette er økonomisk utfordrande, og ei politisk oppnemd arbeidsgruppe ser på «Strategi for rett barnehagekapasitet».
Det har totalt sett vore ein jamn nedgang i talet på dispensasjonar frå utdanningskravet, men rekruttering er framleis utfordrande. Ved oppstart av nytt barnehageår i august 2021 arbeida 16,9 % av pedagogane på dispensasjon i barnehagane. Giske kommune har rettleiingsgrupper for pedagogar på dispensasjon og kurs i regi av Sunnmøre regionråd. Giske kommune tilbyr også rettleiing for nytilsette barnehagelærarar.
Sidan 2018 har barnehagane vore inkludert i TALK-prosjektet, med fokus på god bruk av dagtavle. Inkludering under visjonen «Det var bra eg kom» har sidan hausten 2021 vore ei felles satsing for barnehage og skule og vil fortsette å vere ei satsing dei fire neste åra. Kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderande praksis er bakgrunn for satsinga. Barnehagane har fokus på utviklingsarbeid knytt til grunnleggande omgrepslæring, BU modellen. Dette for å sikre barnets inkludering i leik og sosialt samspel, utvikling og læring.
Teneste 2111 Styrka tilbod til førskulebarn
Styrka tilbod til førskulebarn omfattar både spesialpedagogiske tiltak og tilrettelegging for barn med særlege behov. Spesialpedagogane i førskulen er tilsett i kommunen, med 5,1 årsverk i 2021. Av dette går 0,3 årsverk til arbeid med minoritetsspråklege barn, finansiert av øyremerka tilskot. Det er avsett 0,4 årsverk til teamleiar, som har ansvaret for å fordele arbeidsoppgåvene for spesialpedagogane og følgje opp arbeidet med tilbodet i barnehagane. Spesialpedagogane bidrar i utviklingsarbeid som BU modellen, TALK (nettverk for barn med autisme) og nettverk for barn med forseinka utvikling. Det er fagleg vurdert som tenleg å knytte spesialpedagogane tettare opp mot barnehagane.
I vedtak om spesialpedagogisk hjelp blir det, etter sakkunnig vurdering, sett inn assistent i tillegg til spesialpedagog. I enkeltvedtak om tilrettelegging styrker også barnehagen si bemanning. Dei private barnehagane får refusjon frå kommunen også for desse stillingane.
Kostra barnehage
Nøkkeltall 2021 | Eining | Giske | Ålesund | Sula | Kostragruppe 01 | Landet uten Oslo |
---|---|---|---|---|---|---|
Andel barn 1-2 år i barnehage, i forhold til innbyggarar 1-2 år | prosent | 88,9 | 88,2 | 92,3 | 86,1 | 87,1 |
Andel barn 1-5 år i barnehage, i forhold til innbyggarar 1-5 år | prosent | 95,4 | 94,2 | 98 | 93,1 | 93,6 |
Andel barn 3-5 år i barnehage, i forhold til innbyggarar 3-5 år | prosent | 98,9 | 97,8 | 101 | 97,3 | 97,6 |
Andel barn i kommunale barnehagar i forhold til alle barn i barnehage | prosent | 20,7 | 31,1 | 43,1 | 56,2 | 48,9 |
Antall barn korrigert per årsverk til grunnbemanning, alle barnehagar | antall | 5,9 | 5,8 | 6 | 5,6 | 5,7 |
Andel barnehagelærarar i forhold til grunnbemanning | prosent | 35,7 | 41,3 | 43,3 | 44,2 | 42,7 |
Andel barn i kommunale barnehagar som får spesialpedagogisk hjelp | prosent | 2,7 | 4,9 | 4,9 | 2,9 | 3,1 |
Korrigerte brutto driftsutgifter til barnehagar (f201, f211, f221) per korrigerte oppholdstimer i kommunale barnehagar | kr | 91,3 | 87,2 | 83 | 83,1 | 85,5 |
Andel minoritetsspråklige barn i barnehage i forhold til innvandrerbarn 1-5 år | prosent | 86,4 | 83,2 | 87,4 | 84 | 85,6 |
Netto driftsutgifter barnehagar i prosent av kommunens totale netto driftsutgifter | prosent | 17,6 | 14,6 | 17,3 | 13,8 | 14,4 |
Netto driftsutgifter barnehagar, per innbyggar 1-5 år | kr | 165 979 | 177 165 | 173 372 | 178 700 | 181 474 |
Korrigerte brutto driftsutgifter f201 per korrigerte oppholdstimer i kommunale barnehagar | kr | 64 | 64,7 | 65,2 | 67,6 | 67,1 |