Pedagogisk rettleiingsteneste

Pedagogisk rettleiingsteneste har ei 100% stilling for å arbeide med kvalitetsutvikling i skulen, innovasjon og oppfølging av driftsoppgåver som verksemdsplan, tverrsektoriell samhandling, skuleleiarmøte og regionsmøte i SR-Oppvekst (Sunnmøre regionsråd, oppvekst). Pedagogisk rettleiar har også ei sentral rolle i arbeidet med å samle oppvekstsektoren om å utvikle ein inkluderande praksis. Kompetansereformen fordrar varige betre praksisar og vi har valgt overskrifta "Det var bra eg kom". Arbeidet med Oppvekstreform og Fagfornying er også fokusområde i pedagogisk rettleiing. I 2021 har arbeidet med å realisere ny skulestruktur hatt stort fokus, eit arbeid pandemien gjorde meir utfordrande enn forutsett. Mange nytilsette leiarar og tilsette i mellombelse stillingar har fordra tett oppfølging. Det vart re-etablert kommunalt FAU i hausthalvåret.

Stillinga som pedagogisk konsulent i rådmannens stab har stått vakant sidan hausten 2018, oppgåvene til denne stillinga har dels blitt utført av pedagogisk fagrettleiar og dels blitt lagt på vent. Vakansen har gått ut over kapasiteten til å løyse lovpålagde oppgåver, samt å vere ein nødvendig støttefunksjon for skulane. Vakansen har også redusert kapasiteten for lovpålagd tverrfagleg samhandling knytt til m.a kompetansereform, oppvekstreform.