Kommunalt kartverk

5400 Kommunalt kartverk

Regnskap 2021 : Mindreforbruk på kr. 368 230

Mindreforbruket skyldast at større andel av lisensar frå kartleverandør (Norkart) fordelast på sjølvkostområda.

Kommunen har delteke i pilotprosjekt for etablering av marine grunnkart. Prosjektet ferdigstillast innen utgangen av 2022. Kartdata produsert i prosjektet kan ein finne på Marinegrunnkart (avinet.no)

Vidare har kommunen inngått intensjonsavtale med fylkeskommunen for utarbeiding av regionalt program for å styrke det marine kunskapsgrunnlaget i fylket. Arbeidet er eit ledd i å kunne posisjonere Møre og Romsdal inn mot ei nasjonal satsing på marin kartlegging langs kysten.

I 2021 har ein etablert system for direkte ajourføring av kartdata mellom kommunen og kartverket (Sentral Felles Kartdatabase - SFKB). SFKB gir direkte- og sikkert ajourhold og oppdatering av kommunens kartdata. Sluttbruker (td ambulanse og andre naudetatar) får dermed til ein kvar tid tilgang på oppdatert kartgrunnlag.

Som del av sentral lagring har ein innvestert i modul EL-veg som gir tilsvarande direkte- og automatisk oppdatering av vegnett med blant anna opplysingar om standard, fartsgrense, klassifisering (traktorveg/sti, kommunal veg, fykesveg mm). Tilsvarande er det innvestert i Arealplan.no. som erstattar gamalt planarkiv.