5 Oppvekst
Drift
5 OPPVEKST | Regnskap | Buds(end) | Budsjett | Regnskap | |
---|---|---|---|---|---|
Teneste | Alle tal i heile 1 000 | 2021 | 2021 | 2021 | 2020 |
2110 | BARNEHAGE | 81 229 | 83 771 | 81 942 | 85 467 |
2111 | STYRKA TILBOD TIL FØRSKOLEBARN | 8 503 | 9 514 | 9 514 | 8 829 |
2120 | GRUNNSKOLE | 113 368 | 107 547 | 108 325 | 107 357 |
2121 | PEDAGOGISK RETTLEIINGSTENESTE | 1 253 | 1 053 | 1 053 | 687 |
2130 | VAKSENOPPLÆRING | 1 339 | 4 721 | 3 721 | 2 143 |
2150 | SKOLEFRITIDSTILBOD | 2 416 | 2 313 | 2 313 | 2 696 |
2220 | SKOLELOKALER | - 3 | - | - | 1 |
2230 | SKOLESKYSS | 2 341 | 1 967 | 1 967 | 1 607 |
2423 | MOT - PROSJEKTET | 339 | 355 | - | - |
3830 | KULTURSKULE | 1 507 | 1 045 | 1 712 | - |
Sum gruppeansvar: 5 OPPVEKST | 212 291 | 212 286 | 210 548 | 208 786 |
Økonomi
I 2021 har skulestrukturarbeidet og pandemien gjort fagleg utviklingsarbeid utfordrande for oppvekstsektoren. Lovleg drift har vore eit sterkt og samla ønske. Det har likevel vore auka fokus på inkludering og å kunne utvikle varige betre praksisar i tråd med fagfornying, kompetansereformen og ny rammeplan for SFO. Oppvekst hadde eit samla overforbruk på kr 4,9 mill i 2021. Auka tal på barn i grunnskule med behov for oppfølging 1:1 genererer auka utgifter. Pandemisituasjonen har gått ut over livsmeistringa for ein del av barna. Befolkningsframskrivinga viser at utgiftsbehovet i grunnskulen i Giske vil vekse fram mot 2030.
Teneste 2110 Barnehage
Dei kommunale barnehagane drifta omtrent i balanse, samla sett hadde dei eit meirforbruk på knappe 40 000. Totalt har teneste 2110 eit mindreforbruk på 713 000. Mindreforbruket skuldast mellom anna at det er brukt mindre på tilskot til dei private barnehagane enn budsjettert. Barnetalet har gått ned, noko som har ført til at nokre private barnehagar har drifta med færre barn enn dei er godkjend for. Det er tilsett styrarar i dei to kommunale barnehagane og ny pedagogisk rådgjevar barnehage.
Teneste 2111 Styrka tilbod til førskolebarn
Tenesta hadde eit mindreforbruk på om lag ein million på grunn av reduserte kostnader spesielt til bruk av assistent i private barnehagar for barn med enkeltvedtak. Tenesta har hatt tydeleg fokus på å støtte barnehagane i ein meir inkluderande praksis.
Teneste 2120 Grunnskule
Grunnskule drifta med eit overforbruk på knapt 5 million. Det har vore tett økonomioppfølging og det meste av overforbruket er knytt til nye oppgåver i ei av einingane. Det er tilsett pedagogisk rettleiar, 4 rektorar og 6 nye avdelingsleiarar i grunnskulen dette året. Stillinga som pedagogisk konsulent står vakant gjennom 2021. Dette har medført mykje ekstraarbeid, noko som har gått på bekostning av den vanlege tenesteleveringa.
Teneste 2121 Pedagogisk rettleiingsteneste
Tenesteområdet har eit meirforbruk på 200 000.
Teneste 2130 Vaksenopplæring
Frå hausten 2020 kjøper Giske vaksenopplæringstenester frå Hareid kommune. Dette blir mykje rimelegare for Giske, sjølv om elevane får kompensert dei ekstra reisekostnadene. Saman med redusert tal på deltakarar, har dette medført eit mindreforbruk på ca. 3,3 milll.
Teneste 2150 Skolefrititdstilbod
Giske har den høgste foreldrebetalinga i fylket. Det blir gjort årlege utrekningar av sjølvkost i SFO-ordninga. Nettokostnaden går til ekstra tiltak for barn med særskilte behov. SFO fekk ny rammeplan gjeldande frå august 2021.
Teneste 2230 Skoleskyss
Kostnadane ligg 374 000 over budsjett. Utsett samling av Godøy 1-7 medførte auka skysskostnader.
Giske er ein av dei mest barnerike kommunane i fylket. I 2021 var 19,25 % av innbyggarane under 16 år. 8,68 % var i førskulealder. Nesten halvparten (45,8 %) av kommunen sine driftsutgifter går til barnehage og skule. 19,1 % av kommunens samla netto driftsutgifter går til barnehage, og 26,7 % til grunnskule. I 2021 gav kostnadane i oppvekst ikkje rom for tenesteleveranse som gav lovleg drift.
Mål | Kva er gjort | Resultat |
---|---|---|
Bærekraftsmål nr 17: samarbeide for å nå måla | Felles fokus og retning for heile oppvekstområdet, barnehage, skule og SFO. Inkluderande praksis, felles prosedyrer. | Felles handlingsplan for retten til eit trygt og godt miljø, felles fagdagar for alle tilsette. Felles samlingar for leiarar. |
Lovleg drift: -Lærarnormen krev auka lærarinnsats, symjeopplæring, fysisk aktivitet og leksehjelp skal være ein naturleg del av det ordinære tilbodet | Det vart ikkje løyvd midlar til dette i 2021 | Skulane manglar om lag 3 lærarårsverk og elevane i Giske kommune har ikkje fått opplæring i desse faga. |
Fagfornyinga – nye læreplanar skal setjast i verk 2021 | Arbeidet med fagfornyinga er i god gjenge, men har blitt utfordra av pandemisituasjonen | Skulane har ikkje i tilstrekkeleg grad fått handlingsrom til å realisere Fagfornyinga. |
Kommunestyret sitt vedtak om ny skulestruktur og ny leiarkabal er realisert | Ungdomsskuletrinnet blei samla i Giske ungdomsskule frå august 2021. Godøy skule 1-7 vart samla i november. Det er tilsett 4 rektorar og 6 avdelingsleiarar i faste stillingar. | Ny skulestruktur er realisert innafor budsjetterte rammer. |
Redusert omfang av spesialundervisning gjennom tidleg innsats | Fokus på kompetanseheving og samordning | Reduksjon i spesialundervisning frå 12% til 9,7% |
Inkluderande praksis "Det var bra eg kom" | Felles fagdag for tilsette i skule og SFO knytt til Inkluderande praksis. Samarbeid mellom oppvekst/PPT/Statped og Regionrådet om kartlegging og kompetanseheving. | Oppvekstsektoren har fått eit samla fokus knytt til inkluderande praksis. Kompetansebehovet er kartlagt. |
Innføre programmet "På sporet" for elevar som står i fare for å utvikle lese- og skrivevanskar | Vidareført til også å gjelde arbeid med grunnleggande begrep BU-modellen | Arbeidet pågår |
Vidare arbeid med digitalisering | Ny ID-handtering kom på plass med Feide 2.0 som gir tilgang til mange nye tenester. Innføring av Microsoft 365 gir alle tilsette og alle elevar tilgang til felles digitale flater. | Digital heimeundervisning kunne iverksetjast frå første dag med koronastengd skule. Auka bruk av kompensatoriske digitale løysinga ma for elevar med dysleksi. |
God kvalitet grunnskule | Årleg tilstandsrapport for grunnskule vart utsett | Denne vart behandla først i 2022 |
Vidareføre arbeidet med TALK-prosjektet, sosiale læreplanar for menneske med høgtfungerande autismespekterforstyrrelse | Både barnehagane og helsetenestene er no med i prosjektet. Pandemien har utfordra fagleg utviklingsarbeid i barnehagane. | Barn med autismeutfordringar møter større fagleg kompetanse i barnehage og skule. Den tverrfaglege samhandlinga er satt på agendaen. |
Nærvær - sjukefråvær under 6% | Sjukefråværet har ramma den enkelte eining i bølger knytt til smitteutbrot. | 6,14 % |
God økonomistyring | Månadleg rapportering og oppsummering per tertial. | Målet er nådd for dei fleste einingane, men ikkje for rammeområdet totalt. |
Korona
Dei tilsette har utvikla betre digital kompetanse og har saman med leiargruppene i einingane gjort raske skifte mellom ulike driftsnivå etter den nasjonale trafikklysmodellen. Fagleg utviklingsarbeid har i stor grad skjedd gjennom Teams. Microsoft Teams har vore eit sentralt verktøy saman med t.d. læringsplattformen Showbie, SMS-tenesta Transponder, og opne Facebook-kanalar. Giske har eit nyleg oppgradert identitetshandteringssystem som sikrar alle tilsette og elevar tilgang til dei digitale ressursane, noko som var ein føresetnad for den tette oppfølginga av både grupper og enkeltbarn. I periodar med redusert tilbod har sårbare barn systematisk blitt prioriterte og ein har også greidd å gi tilbod til barn av foreldre i samfunnskritiske roller. Sjukefråveret i personalgruppene har vore stort og gitt omfattande utfordringar i den daglege drifta, både i kvalitet og omfang.
Bærekraft, bærekraftsmål nr 17, saman for å nå måla
Tilsette i oppvekstsektoren erfarer å ha bruk for eit tettare samarbeid med fokus på å utvikle likeverdige tenestetilbod i barnehage og skule. Det har vakse fram ei forståing av at kapasiteten aukar når tilsette og leiing lærer saman og av kvarandre. Teknologisk kompetanse og erfaring med digitale møterom har opna opp for effektivt samarbeid internt i oppvekst, på tvers av einingar og også tverrfagleg. Eit tydeleg frampeik vil vere å utvikle god og effektiv samhandling til beste for barna som veks opp her. I denne samhandlinga vil det også vere rom for føresette, frivillige, lag og organisasjonar.