Grunnskule, SFO (skulefritidsordning) og skuleskyss

Grunnskular

Giske har 5 grunnskular: Vigra skule, Valderøy barneskule, Giske skule, Godøy skule og Valderøy ungdomsskule. Frå 1. august var ungdomstrinnet samla i Giske ungdomsskule. Godøy 1-7 vart samla på Godøy frå 4. november.
Opptaksområdet for barneskulane er i utgangspunktet kvar enkelt øy.

Elevtalsutvikling

Elevtal per 1. oktober 2021

Elevtal per 1. oktober 2021

1.-4. klasse 5.-7. klasse 8.-10. klasse SUM
Vigra skule 109 79 0 188
Valderøy barneskule 243 199 0 434
Giske skule 58 30 0 88
Godøy skule 81 58 0 129
Giske ungdomsskule 0 369 369
Totalt 491 366 369 1208

Grunnskule

Grunnskuletenestene kosta i 2021 netto 113 mill. kroner.

Kostnaden til funksjon 202 grunnskule netto driftsutgiftar pr. innbyggar 6-15 år, var i 2021 96 779 kroner. Berre ein kommune i fylket hadde lavare kostnader enn Giske.

Kostnaden per innbyggar 6-15 år på skulebygg var om lag på gjennomsnitt for vår kommunegruppe med 20 844 kroner. Gjennomsnittet for fylket er 19 758 kroner.

Det har og vore spart inn på tenesteproduksjonen

  • Lærarnorma har ikkje vore oppfylt, med unntak av Giske skule og Godøy skule, noko som særleg har gått ut over tidleg innsats og tilpassa opplæring.
  • Elevane har ikkje fått opplæring i symjing og kommunen har ikkje lenger eige basseng.
  • Elevane har ikkje fått faget fysisk aktivitet og har også mangla leksehjelp.
  • Det er gjennomført katlegging av kompetansen til alle tilsette knytt til innkluderande praksis for å realisere kompetansereformen. Høgskulen i Volda, og også interne ressursar, har bidratt for å kunne utvikle varige betre praksisar. Denne kompetanseutviklinga vil også være kostnadseffektiv.
  • Skulane prioriterte spesialpedagogikk, realfag og engelsk som vidareutdanning. Lærarar som tok utdanning før 2014, har dispensasjon til 2025 med å skaffe seg dei studiepoenga dei manglar for å ha godkjend utdanning til å undervise i skulefaga.
  • Det er gjort store innsparingar knytt til innkjøp av lærebøker og undervisningsmateriell.
  • Ungdomsskulen manglar pc-ar til å gjennomføre eksamen.

Skulestruktur

Kommunestyret gjorde i september 2020 vedtak om at ungdomstrinnet i kommunen skal samlast på Valderøya i nye Giske ungdomsskule. Godøy skule kunne dermed samle 1.-7. trinn på Godøya.

Den politisk oppnemde styringsgruppa realiserte, saman med administrasjonen, bestillinga innafor budsjetterte rammer. Giske ungdomsskule var klar til bruk ved skulestart i august 2021. Godøy skule var klar til å samle 1.-7. trinn 4. november, noko forsinka grunna pressa byggemarknad.

Dei tilsette la ned eit omfattande arbeid for å skape ein felles fagleg, pedagogisk og kulturell plattform for ein fagfornya ungdomsskule. Pandemisituasjonen vanskeleggjorde fysiske samlingar, og praktisk arbeid knytt til flyttinga krevde stor ekstrainnsats av dei tilsette, både på Godøy skule og på ungdomsskulen.

Korona

Pandemien prega også oppvekstsektoren gjennom heile 2021. Særleg sjukefråværet i personalet, saman med lav grunnbemanning og raske skifte mellom ulike nivå i trafikklysmodellen, gjorde drifta krevjande for alle einingane i oppvekstsektoren. Tilsette vart prioritert for vaksine, først dei som arbeidde tett på sårbare barn. Eigedomsdrift bidro til særs godt reinhald i både skule og barnehage. Det har vore eit sterkt og gjennomgåande fokus på å gi barn og unge ein god kvardag. Fokus på å gi tilbod til sårbare barn har vore prioritert. Det same har tilbodet til barn av foreldre i samfunnskritiske funksjonar vore. Når det ikkje har vore nok tilsette på jobb til å gi alle eit fullverdig undervisningstilbod på skulen, har ein valt å prioritere skuletilbodet til dei yngste elevane. I barnehagane har bemanningssituasjonen medført redusert opningstid og gått ut over det pedagogiske tilbodet.

Dette har fordra stor fleksibilitet og auka arbeidsbelastning for dei tilsette som til ei kvar tid har vore på jobb. Det har også vore ei stor ekstra arbeidsbyrde for leiarane å lande ny kabal, dag for dag. Dei tilsette har også strekt seg lang for å bidra til rask og effektiv smittesporing, i godt samarbeid med TISK-teamet. Både dei tilsette og leiarane rapporterer om slitasje etter å ha stått i dette presset over tid.
Det vart svært utfordrande for skulane å gi eit fullverdig SFO-tilbod med godt smittevern. Nokre måtte difor redusere omfanget av tilbodet noko. I sum har nok koronatiltaka bidrege til å auke kostnadene på skulefritidstilbodet i 2021.

Spesialundervisning

Giske kommune har sett i gong eit arbeid for å vri frå spesialundervisning til tilpassa ordinær undervisning. Det har i 2021 vore fokus på kompetanseutvikling knytt til inkluderande praksis. Frå 2019 er talet på elevar som har spesialundervisning redusert frå 12% til 9,7%.

Sidan spesialundervisninga har vore så sterkt samordna, er det dei store vedtaka som kostar, og det er vanskeleg å redusere timebruken til dei elevane som treng det mest. Giske brukar 21,9% av det samla timetalet til spesialundervisning, 11.800 timar, noko som må sjåast i samanheng med den låge prioriteringa av ressursbruken i grunnskule. Dei nasjonale tala er 17,7%.

Andel elevar med vedtak om spesialundervisning

Andel av undervisningstimar til spesialundervisning av undervisningstimar totalt

SFO - Skulefritidsordning

Det er SFO-ordning ved alle barneskulane i kommunen. SFO skal vere sjølvfinansierande med unntak av ekstra kostnader til barn som treng tilrettelegging. Månadsprisen er 3.480 kroner for full plass. Dette er den høgaste foreldrebetalinga i fylket og kan vere ei medverkande årsak til at ein relativt mindre del av elevar i 2.-4. årstrinn har SFO (sjå grafen nedanfor). Vi ser også at pandemi og heimekontor har redusert bruken av fulltidsplass og redusert spesielt bruken av SFO-plass for elevar i 3. og 4. klasse.

I samarbeid med selskapet Envidan blir det kvart år gjort sjølvkostkalkyler i høve til SFO-tilbodet. Kostnader til stabsfunksjonar og ekstra tiltak for barn med særlege behov blir haldne utanfor.

Frå 1. august 2020 vart det innført to moderasjonsordningar: Redusert foreldrebetaling for foreldre med barn på 1. og 2. klassetrinn. Foreldrebetalinga per barn skal maksimalt utgjere seks prosent av inntektene til hushaldninga. Barn med særskilte behov på 5.-7. trinn har rett til gratis SFO.

Nettokostnadene til SFO har auka kraftig det siste året, frå om lag 1,5 mill. kroner til nesten 2,7 mill. kroner. Den viktigaste grunnen er ein sterk auke av elevar som har større behov for hjelp og tilsyn.

Foreldrebetalinga for SFO var med 3.480 kroner for heil plass den høgaste i fylket.

Tal på barn i SFO Tal på barn i SFO Kor mange av desse har full plass Kor mange av desse har full plass
Skule \ år 20-21 21-22 20-21 21-22
Giske skule 22 35 17 17
Godøy skule 37 39 25 15
Valderøy barneskule 131 124 65 50
Vigra skule 58 55 30 33
SUM 248 253 137 115
Prosent

Andel elevar med SFO-tilbod

Skuleskyss

Fylkeskommunen organiserer både ordinær skyss og tilpassa skyss for elevar med særlege behov. Kommunen betaler ein eigenandel som tilsvarer enkeltbillett på buss etter ordinær takst, både for ordinær skyss og tilpassa skyss. Dette gjeld óg skyss for elevar ved private skular, der kommunen betaler skyss til kommunegrensa. Elevar med delt bustad kan ha rett til skyss frå begge heimane. For elevar i 1. klasse er skyssgrensa 2 km, for eldre elevar er skyssgrensa 4 km.

I vårhalvåret hadde til saman 259 elevar rett til skyss. 25 av desse var førsteklassingar. I hausthalvåret hadde 277 elevar skuleskyss, av desse var 28 førsteklassingar. Totalkostnaden var 1.607.000 kroner. Budsjettet var på 1.833.000. Mindreforbruket skuldast at det ikkje var skuleskyss i mars/april pga. korona.

Kostra grunnskule 2020

Kostra grunnskule 2020

Nøkkeltall Eining Giske Ålesund Sula Kostragruppe 01 Landet utan Oslo
Årstimar til særskilt norskopplæring per elev med særskilt norskopplæring antall 34,4 31, 68,8 55,8 35,3
Årstimar til spesialundervisning per elev med spesialundervisning antall 127,8 162,1 117,7 146,1 144,2
Elevar i kommunale og private grunnskular som får særskilt norskopplæring prosent 3,2 5,8 1,8 3 4,70
Elevar i kommunale og private grunnskuler som får spesialundervisning prosent 9,7 10 8 8,8 7,9
Elevar på mestringsnivå 3-5, nasjonale prøver i lesing 8.trinn prosent 69,5 75,1 55,3 69,3 72,5
Elevar på mestringsnivå 3-5, nasjonale prøver i regning 8.trinn prosent 63,8 67,6 55,3 67,2 68,7
Gruppestorleik 2 antall 17,8 16,6 17,1 15,3 15,6
Gjennomsnittleg grunnskulepoeng antall 43,5 43,1 43,8 42,2 43
Netto driftsutgifter grunnskulesektor (202, 215, 222, 223), i prosent av samla netto driftsutgifter prosent 27,9 22,2 25,2 24,4 23
Netto driftsutgifter til grunnskulesektor (202, 215, 222, 223), per innbyggar 6-15 år (kr) kr 121811,5 121249,2 109776,5 131805,3 125904,8
Netto driftsutgifter til funksjon 202 Grunnskule, per innbyggar 6-15 år) kr 96779 97701,7 95131,2 105139,7 99565
Netto driftsutgifter til funksjon 215 SFO, per innbyggar 6-15 år) kr 2286 2080,3 1154,3 2224,6 2625
Netto driftsutgifter til funksjon 222 Skulelokale, per innbyggar 6-15 år) kr 20844 19206 12067,1 20385,3 21281,9
Netto driftsutgifter til funksjon 223 Skuleskyss, per innbyggar 6-15 år) kr 1901,7 2260,6 1423,9 4055,8 2432,6
Kjelde: https://www.ssb.no/kommunefakta/kostra/giske/grunnskolen