MÅL

Giske kommune skal ha ein bærekraftig kommunal økonomi

Giske kommune skal ha ein bærekraftig kommunal økonomi

MÅL Giske kommune skal vere ute av ROBEK i løpet av 2022 Det skal vere økonomisk balanse i drifta kvart år i planperioden Netto driftsresultat skal vere 1,75% av brutto inntekter frå 2022 Det skal avsetjast til disposisjonsfond kvart år i perioden. Disposisjonsfondet skal vere 10% av brutto driftsinntekter innan 2027.
Korleis lukkast Følge forpliktande plan Alle einingar må tilpasse tildelt budsjettramme Alle einingar må tilpasse tildelt budsjettramme
Korleis måle Bokført dekning av tidlegare års rekneskapsmessige underskot skal følge forpliktande plan Netto driftsresultat i prosent av brutto driftsinntekter Av Rekneskapsmessig meir/mindreforbruk skal 1,75% av brutto drifsresultat setjast av til disposisjonsfond
Resultatmål 2021 kr 4 151 511 1,09 % 1,09 % kr 4 096 476 0,59 %
Resultat 2021 kr 26 645 683 4,31 % 4,31 % kr 3 987 745| 0,52 %
*Henta frå budsjett, alle tal i heile 1 000.

Giske kommune har handlingsregel for økonomiskberekraft, jf. tabell under, som viser mål satt i økonomiplan og indikatorer for rekneskap 2021.

Handlingsreglar, retning for dei kommunale tenestene i planperioden

Handlingsreglar, retning for dei kommunale tenestene i planperioden

Nøkkeltall Vedteke nivå Resultat 2021 Resultat 2020
Netto driftsresultat i % av driftsinntekter Minst 3-5% 4,31 % -0,85 %
Disposisjonsfond i % av driftsinntekter Minst 5-10% 0,52 % 0 %
Netto finansutgifter i % av driftsinntekter Maks 2-3% 6,14 % 8,38%
Netto lånegjeld i % av driftsinntekter Maks 100% 147,54 150,59 %
Avvik frå budsjett (netto driftsresultat) Maks 0,5-1% 341 % 187 %
Måltal vedteke i k.sak 52/19

Modellen for økonomisk berekraft set krav til ei langsiktig økonomistyring av kommunen. Handlefriheit og robustheit er berande element i modellen. Kommuneøkonomien skal kunne handtere uforutsette hendingar utan at det får konsekvens for tenestetilbodet samtidig som generasjonsprinsippet vert ivaretatt.

Gjeldsnivået er over måltalet, men ein ser ein nedgang som følge av at kommunen er i ROBEK og har begrensingar i høve nye låneopptak. Netto finansutgifter vil bli redusert som følge av reduserte låneopptak.

Kommunen har ikkje disposisjonsfond noko som gjer at Giske kommune er sårbar overfor svingningar og klarer ikkje å handtere uforutsette hendingar utan konsekvenser for tenestetilbodet.