Vesentlige avvik fra kommunestyret sine premiss for bruk av bevillingene
Utgangspunktet for arbeidet med Handlings- og økonomiplanen for 2020 - 2023 var å utarbeide konsekvensjustert budsjett med ei forutsetning av kva det i 2020 vil koste å drive kommunen sitt tenestetilbod ut frå den standard og det volum som er etablert, herunder full årseffekt av endringar/sparetiltak som er sett i gong i løpet av 2019.
For å få eit budsjett i balanse vart det i tillegg utarbeidd tiltak. Av desse viste det seg at ein del ikkje vart gjennomførbare, andre kom så seint i gang at det ikkje vart ønska effekt i 2020. I tillegg vart det gjennom året utarbeidd nye tiltak som endra premissane i budsjettet, b.la innan oppvekst og kultur der premissane vart vesentleg endra i høve opprinneleg budsjett. Det er gjennom heile 2020 lagt fram saker og rapportar for formannskap og kommunestyret som viser statusen og effekten av tiltaka.
Ut over tiltaksliste har det kome endringar i drifta som ikkje var tatt høgde for ved utarbeiding av budsjett, døme på dette er:
- auke i etterspørsel av tenesten heimebasert omsorg
- fleire nye brukarar med behov for ressurkrevjande tenester
- auke i talet på utskrivingsklare pasientar
Variabel løn frå desember har i fleire år vore ført på januar året etter. Denne periodiseringsfeilen er delvis retta utan at det var avset midlar i budsjettet til endringa.
Giske kommune fekk utbetaling frå havbruksfond med kr 3 154 000, dette var det ikkje tatt høgde for i budsjettet.
Ved budsjetteringa var det også forutsatt at kommunen ville ha skatteinntekter med 87,5% av landsgjennomsnittet og motta 19,6 mill.kr i inntektsutjamning. Ved avslutninga av året var Giske kommune sin skatteinngang 91,3% av landsgjennomsnittet, og inntektsutjamninga vart 10,9 mill.kr. Auka skatteinngang i høve budsjettet var ikkje nok til å dekkje dette avviket.
Korona-pandemien var naturleg nok ein premiss som er endra i høve budsjettvedtaket. Dette har utfordra tenestene og sjølv om Staten har overført meir midlar for å dekkje meirutgiftene er dette stort sett knytt til konkrete tiltak, endringar i prioriteringar og utsetjing av prioritert arbeid vert ikkje dekt. Deler av auka rammetilskott skal også dekkje tap av skatteinntekter, kor mykje dette utgjer og vil utgjere fram over i tid er ikkje talfesta. Ut over auke i rammetilskott og øyremerka tiltak vart også lønsoppgjer utsatt og lavere enn budsjettert, arbeidsgiveravgifta nedsett i 3. termin.
Der har over fleire år lagt ein periodiseringsfeil i reknekskapet ved at variabel løn for desember er bokført i januar. Ved rekenskapsavslutning har ein starta rettinga av denne feilen, dette var ikkje budsjettert og heller ikkje rapportert i sak til formannskap og kommunestyre.
Svikt i inntekter og høgre utgifter har medført at ekstra inntekter som t.d havbruksfond og og ekstra rammeoverføringar har i svært liten grad blitt fordelt på rammeområda. Det har stort sett gått til å dekkje avvik i dei overordna områda. Det har vore 1 budsjettendring med fordeling av 3,9 mill.kr på rammeområda, elles har alle rammene fått ei indirekte styrking som følge av lavere lønsoppgjer og nedset arbeidsgiveravgift.
I investeringsrekneskapen er der eit avvik på bruk av lån med 13 mill.kr. Dette kjem som følge av at det vart selt varige driftsmidler med ca. 11 mill. kr, dette var ikkje tatt med i budsjettet, men er i tråd med planar om sal av eigedom. Prioritering og status for sal av eigedom vert behandla i eigne saker i kommunestyret. Detaljar kring andre avvik kjem fram i årsmeldinga del 3 Investeringar - oversikt over prosjekt.