ORGANISASJON
TILSETTE
I alt 627 personar var tilsett i Giske kommune ved utgangen av 2020. Desse er fordelt på 508 kvinner og 119 menn. Dei 627 tilsette er fordelt på 497 årsverk.
Tilsette fordelt på sektor og kjønn
Sektor | Kvinner 2019 | Menn 2019 | Totalt 2019 | Kvinner 2020 | Menn 2020 | Totalt 2020 |
---|---|---|---|---|---|---|
Totalt | 497 | 141 | 638 | 508 | 119 | 627 |
Sentraladministrasjon | 17 | 5 | 22 | 17 | 4 | 21 |
Oppvekst | 204 | 47 | 251 | 220 | 50 | 270 |
Helse/sosial | 251 | 38 | 289 | 251 | 37 | 288 |
Kultur | 4 | 6 | 10 | 3 | 3 | 6 |
Teknisk | 12 | 40 | 52 | 10 | 20 | 30 |
Anna | 8 | 5 | 13 | 7 | 5 | 12 |
Lærlingar
Giske kommune har i ei årrekke hatt eit godt samarbeid med Sunnmøre kommunale opplæringskontor og er også representert i styret. Vi hadde i 2020
7 lærlingar fordelt på faga helsefagarbeidar, barne- og ungdomsarbeidar og institusjonskokk. Ein av lærlingane våre har også i 2020 deltatt i opplæringskontoret si rekrutteringspatrulje som besøker ungdomsskular og deltek på yrkesmesser for å auke rekrutteringa til helsefagleg utdanning. Det er eit ønskje å auke talet på lærlingar, men på grunn av svært stram økonomi er det ikkje gjort. 1 av lærlingane våre er mann.
Sjukefråværet for 4. kvartal 2020 fordelt på sektor - Giske kommune (tal henta frå SSB)
2020 | |
---|---|
SAMLA | 6,5 % |
Administrasjon | 6,5 |
Adm. undervisning, helse/sosial | 6,2 |
Undervisning | 3,9 |
Grunnskoleundervisning | 4,0 |
Helsetenester | 6,0 |
Pleie og omsorgtenester i inst. | 3,0 |
Andre omsorgsinst samt bufellesskap | 8,7 |
Sosiale omsorgsten. uten butilbod | 9,4 |
Barnehager | 5,3 |
Barnevern | 6,4 |
Heiltidskultur
Mest mulig heile stillingar er viktig for kontinuitet, stabilitet og samla kompetanse. Det betyr mykje for arbeidsmiljø, likestilling og kvaliteten på tenestetilbodet. På tampen av 2020 vart prosjektet Vinn-Vinn igangsett der heiltidskultur i helse og omsorg er eit sentralt tema. Kartlegging av ufrivillig deltid er avslutta, og det skal jobbast vidare med styrka merksemd blant leiarar og tilsette på korleis heiltid påverkar tenestekvalitet, arbeidsmiljø, nærvær og økonomi.
44% av alle tilsette i Giske kommune jobber heiltid. I helse/pleie og omsorg er det 27 % som arbeider heiltid. Det er dessverre ein nedgang sidan 2019 då tilsvarande tal var 45% og 29%.
70 % av alle tilsette jobber 75 % eller meir.
Gjennomsnittleg stillingsbrøk i Giske kommune er i 2020 79%, denne var i 2019 78%, vi ser altså ei svak auke.
Likestilling
Kjønnsbalansen i Giske kommune er 81% kvinner og 19 % menn. Dette er også kjønnsbalansen i sentraladministrasjonen og oppvekst, - i helse og sosialsektoren er 87 % av dei tilsette kvinner og 13 % menn.
Av 18 leiarar i kommunedirektøren sitt leiarforum var 4 menn og 14 kvinner (inkl. kommunedirektøren). Kvinnene si snittløn var 753 921,- og mennene si snittløn var 737157,-. I toppleiargruppa var snittløna til kvinnene 836 789,- og til mennene 836 640,- (løna til kommunedirektøren er ikkje med her).
Lønsutvikling kvinner og menn 2018 - 2019 - 2020
Årsløn 2018 | Årsløn 2019 | Årsløn 2020 | |
---|---|---|---|
Alle | 475 182 | 494 460 | 528 204 |
Kvinner | 472 740 | 491 940 | 529 008 |
Menn | 486 660 | 503 892 | 525 024 |
Heiltid og deltid i Giske kommune - fordelt på sektor
Alle | % | |
---|---|---|
Alle | Deltid | 56 |
Heiltid | 44 | |
Administrasjon | Deltid | 57 |
Heiltid | 43 | |
Undervisning | Deltid | 46 |
Heiltid | 54 | |
Barnehager | Deltid | 56 |
Heiltid | 44 | |
Helse/pleie/omsorg | Deltid | 73 |
Heiltid | 27 | |
Samferdsel og teknikk | Deltid | 50 |
Heiltid | 50 |
Tilsette fordelt på kjønn og stillingsbrøk 2020
Stillingsprosent | Kjønn | Tal på tilsette | % |
---|---|---|---|
0-24,9 | alle | 42 | 6,7 |
kvinner | 35 | 6,9 | |
menn | 7 | 5,9 | |
25-49,9 | alle | 47 | 7,5 |
kvinner | 39 | 7,7 | |
menn | 8 | 6,7 | |
50-74,9 | alle | 101 | 16,1 |
kvinner | 84 | 16,5 | |
menn | 17 | 14,3 | |
75-99,9 | alle | 160 | 25,5 |
kvinner | 150 | 29,5 | |
menn | 10 | 8,4 | |
100 | alle | 277 | 44,2 |
kvinner | 200 | 39,4 | |
menn | 77 | 64,7 |
Rekruttering
Rekruttering har til mange typer stillingar også i 2020 vore utfordrande. Dette gjeld mellomleiarstillingar, - både innan helse og omsorg og oppvekst, sjukepleiarar og vernepleiarar. Til fagarbeidarstillingar, ingeniør og stillingar i fagstaben er rekrutteringssituasjonen betre, dette gjeld også til undervisningsstillingar og PPT. Innan pleie og omsorg er det jobba med rekrutteringstiltak i form av stipendordningar og eingongstilskot.