Institusjonstenester
Giske kommune har åtte institusjonsplassar ved Vigra omsorgssenter, avdeling for demente, Skogly. Mange har behov for plass, og vi har til ei kvar tid fylt opp institusjonsplassane. Dei tilsette har høg kompetanse innan demens og utviklar seg i takt med behov, lover og forskrifter. Giske kommune leverer eit tilbod av høg kvalitet ved Vigra omsorgssenter. Det er auka vekst i tal demente, om lag 50 nye vert diagnostisert kvart år i Giske kommune. Det er venta ei dobling innan dei neste 10-15 åra, framskrivinga viser nasjonale tal frå 70.000 til 140.000. Behov for tenester til innbyggjarar med demens liding aukar. Velferdsteknologi bidreg godt i dette arbeidet, som digitale tilsyn og GPS. Men vi ser at vi har behov for fleire bustadar med eller utan bemanning. Dagavdeling Retro starta hausten 2019, eit dagtilbod for demente. Dette viser seg å vere eit svært viktig og godt tilbod til mange, noko som mellom annan bidreg til at pårørande får ein betre livssituasjon og brukaren kan vere lenger heime.