PPT og logopedteneste
PPT
Totalt 4 stillingar inkludert avdelingsleiar. 1 stilling vakant heile 2020. 125 tilmeldte saker. 109 sakkunnige vurderingar. Fristbrot: 10% av sakene.
Tenesta har hatt fristbrot i 10% av dei sakkunnige vurderingane. Dette skuldast hovudsakelig at tilvisingane kom i mai/juni og at mykje tid gjekk vekk i samband med ferieavvikling. Fristbrota viser kor sårbar PP-kontoret. At fristbrotet ikkje er høgare enn 10% skuldast at vi fekk frigitt ekstra tid i samband med korona ved at møter, testar, observasjonar osv vart avlyst i mars/april. I denne perioden vart det produsert svært mange sakkunnige vurderingar.
Fagmøter om fagfornyinga ved m.a. å følgje modulane som Utdanningsdirektoratet har laga. Arbeidd med korleis nytte veiledning og sakkunnige vurderingar til dei nye læreplanane. Fagfornyinga er sentral mellom anna ift utviklingsarbeidet om tidlig innsats og tilpassa opplæring.
TALK prosjektet er inne i sitt 5. år. Prosjektet blir ofte omtalt som svært vellykka då ein opplever at kompetansehevinga blant dei tilsette har ført til ei oppleving av meistring og færre møter. Dette har vore svært nyttig og ein vil fortsette med dette også i 2021.
Tidlig innsats ift språk/omgrep, lesing/skriving og rekning har vore svært godt mottatt. PPT bør prioritere dette utviklingarbeidet også i 2021 då forsking viser at denne type tiltak har svært høg effekt, ikkje berre ift faglige prestasjonar men også m.o.t. psykisk helse.
Logopedteneste
100 saker, 14 på venteliste.
Helsestasjonen, foreldre, skuler og barnehagar tilviser dei fleste barna. Mange på venteliste og mange ikkje avslutta saker. Kornastenging i mars er ein årsak. Endra profil når gjeld brukarar. Det er eit større tal barn i skulealder no.
Giske kommune har 30% logopedressurs, etter kutt 70% i 2020. Den kommunale logopedressursen skal primært gå til å dekke tenestetilbod til barn og unge med rett etter opplæringslova.