Etikk
Med hjartet for Giske
Giske kommune har sett etikk i system. Dei etiske retningslinjene gjeld for tilsette og politikarar. Retningslinjene vert gjennomgått årleg i leiarsamlingar, i arbeidsfellesskapet og i rettleiing av tilsette. Etikk er på agendaen på oppstartsamling for nytilsette og i opplæring for nye leiarar, og eit viktig tema i alle tilsettingsprosessar. I 2020 har blant anna leiarforum hatt etiske dilemma som diskusjonstema.
Både verdidokumentet og dei etiske retningslinjene er rettesnor i møte med innbyggjarane, samarbeidspartnarar, og mellom dei tilsette. Dei skal hjelpe oss til å nytte hjartet i beslutningane våre, og i korleis vi opptrer.
Giske kommune har blant anna gjennom rutiner og prosedyrer fokus på antikorrupsjonsarbeid. Økonomirutiner med fokus på delt ansvar i bestilling, fakturahandtering, begrensing i beløpsgrenser ved godkjenning.