8 Miljø og kultur

8 Miljø og kultur Regnskap Buds(end) Budsjett Regnskap
Teneste Alle tal i heile 1000 2020 2020 2020 2019
2310 AKTIVITETSTILBOD BARN OG UNGE 71 276 276 63
2423 MOT - PROSJEKTET 304 361 361 350
2730 KOMMUNALE SYSSELSETTINGSTILTAK 361 338 338 354
3620 FRILUFTSLIV 222 266 266 200
3650 KULTURMINNEVERN -72 98 98 134
3700 BIBLIOTEK 1 654 1 763 1 763 1 605
3750 MUSEER - 3 3 274
3770 KUNST OG KUNSTFORMIDLING 145 140 140 145
3810 IDRETT 264 250 250 259
3830 KULTURSKULE 2 082 1 714 2 264 2 850
3850 KULTURKONTORET 429 772 1 422 1 458
3851 ANDRE KULTURTILTAK 137 109 109 88
3852 Frivilligsentral 566 700 700 855
Sum gruppeansvar: 8 MILJØ OG KULTUR 6 164 6 788 7 988 8 636

Eininga Miljø og kultur dekkjer tenester som vist på rekneskapsoversikta ovanfor. Årsmeldinga oppsummerer dei viktigaste prioriteringane i 2020 utan å ta for seg kvar enkelt teneste, med vekt på brukarretta tenester utan å kommentere tenester der ein fordelar midlar til lag, organisasjonar og nærmiljø.

Eininga har vore utan einingsleiar sidan februar. Frå 2021 blir dei ulike tenesteområda med unntak av kulturskulen overførte til den nyoppretta eininga Kultur, service og næring.

Kulturskulen vart i 2020 overført frå ramme 8 til ramme 5 Oppvekst. Budsjettet vart redusert og midlar overført til oppvekst. Frå 2021 blir også budsjettet overført til ramme 5.

Økonomi

Sjølv om det viste seg vanskeleg å få til den vedtekne budsjettreduksjonen for kulturskulen, gjekk eininga med eit mindreforbruk på 624.000 kroner. Ein viktig grunn er at stillinga som einingsleiar stod vakant sidan februar, stillinga som kulturkonsulent stod vakant sidan august. I tillegg må det nemnast at Frivilligsentralen har lykkast med å få inn store tilskot både frå private og offentlege instansar.

Ungdommens kulturmønstring

Ungdommens kulturmønstring 2020 vart gjennomført i februar med Valderøy skulekorps som teknisk arrangør som så mange år før. Men fylkesmønstringa vart gjennomført digitalt. Dei ulike innslaga vart filma i Ålesund og presentert på UKM sine sider. Flinke ungdomar frå Giske gjorde ein flott figur på fylkesmønstringa.

MOT

Våre to MOT-coachar er ein viktig del av det forebyggande arbeidet som skjer inn mot ungdomsgruppa. MOT gjennomfører 12 besøk til ungdommane i løpet av dei tre åra dei går på ungdomsskulen, og er også på besøk i 7. klassene. MOT har to 20 % stillingar.

Nøkkeltal Eining 1532 Giske 1507 Ålesund 1531 Sula EKG01 KOSTRA-gruppe 1 EAKUO Landet uten Oslo
Netto driftsutgifter til kultursektoren i prosent av kommunens totale netto driftsutgifter Prosent 1,5 2,6 2,1 3,0 4,0
Netto driftsutgifter til idrett (f380+f381) i prosent av kommunens totale netto driftsutgifter Prosent 0,5 0,8 0,4 0,9 1,4
Netto driftsutgifter til barn og unge (f231+f383) i prosent av kommunens totale netto driftsutgifter Prosent 0,4 0,6 0,7 0,7 0,8
Netto driftsutgifter til kultursektoren per innbyggar Kr 905 1671 1284 1930 2510
Netto driftsutgifter til allmenn kultur (f370+f373+f375+f377+f385+f386) per innbyggar Kr 366 750 588 918 1166
Brutto investeringsutgifter til kultursektoren per innbyggar Kr 11 702 175 702 1385
Netto driftsutgifter til folkebibliotek per innbyggar Kr 195 280 233 291 295
Besøk i folkebibliotek per innbyggar Antall 1,2 2,8 2,2 1,9 2,7
Utlån per innbyggar Antall 1,5 1,7 2,2 2,1 2,1
Barn 6-15 år i kommunens kulturskale Prosent 21,7 15,3 14,3 17,9 13,6
Besøk per kinoforestilling Antall 16,2 11,4 17,2 15,8