Næring
NÆRINGSLIV OG BEREDSKAP
Tenesta hadde eitt årsverk. Frå november var stillinga ikkje operativ då næringssjefen gjekk av med pensjon. Stillinga gjekk frå 1.1.2021 inn i ny avdeling for Kultur, service og næring, og beredskapsfunksjonen vart etablert i stab som eiga koordinatorstilling.
Hovudoppgåver:
- Rådgjeving for nyetablerarar gjennom kommunen sitt «hoppid.no" kontor»
- Utvikling av prioriterte næringsområde i hht. Strategisk næringsplan 2016-25
- Beredskapsansvarleg herunder utarbeiding og oppdatering av planverk, planlegging av beredskapsøvingar
- Informasjonsarbeid knytt til nettportal og sosiale media
Næringsliv:
- Utvikling av Gjøsund Hamn som nasjonal fiskerihamn.
- Utlysing og tildelingar av støtte frå Koronafond på 1,7 millionar kroner
Giske kommune fekk statleg overføring øyremerka til hjelp for bedrifter under pandemien. Midlane frå koronafondet er lyst ut to gongar, men det er framleis ein rest som vert overført og lyst ut på nytt i 2021. Søknadene vart organisert gjennom Regionalforvaltning.no og skulle brukast til mindre investeringar, marknadsføring og nyskaping.
Giske har i fleire år vore er ein av kommunane i M&R med høgast tal på etableringar i høve til folketalet.
Drift av nettportal og Sosiale medier
Giske kommune har arbeidd målretta med å få ut informasjon til innbyggarane. Ein ser auke i tal på "følgjarar" både på nettsida og på Facebook. Innbyggarane blir meir digitale og nyttar dei digitale verktøya som er tilgjengeleg. Dette blir eit viktig satsingsområde framover.
KOSTRA
2020 Giske | 2020 Kostragruppe 1 | 2019 Giske | 2019 Kostragruppe 1 | 2018 Giske | 2018 Kostragruppe 1 | ||
---|---|---|---|---|---|---|---|
320 Kommunal næringsvirksomhet | Netto driftsutgifter per innbygger | 9 | -79 | -5 | -3 | 0 | -65 |
325 Tilrettelegging og bistand for næringslivet | Netto driftsutgifter per innbygger | -107 | -99 | 58 | 326 | 17 | 187 |