4 Diverse tenesteområde

Diverse tenesteområde omhandlar fylgjande tenesteområde:

  • Sosialtenester (NAV)
  • Næring
  • Skogbruk
  • Viltforvaltning


Drift

Drift
4 diverse Tenesteområde Regnskap Buds(end) Budsjett Regnskap
Teneste alle tal i heile 1000 2020 2020 2020 2019
1240 DIVERSE FELLESFUNKSJONAR - - - 11
2420 SOSIAL RÅDGJEVING OG VEILEDNING 1 935 2 658 2 658 2 331
2430 TILBOD TIL PERSONAR MED RUSPROBLEM - - - 10
2730 KOMMUNALE SYSSELSETTINGSTILTAK - 3 3 -
2760 KVALIFISERINGSPROGRAM 1 202 923 923 1 021
2810 ØKONOMISK SOSIALHJELP 3 552 3 791 3 791 3 717
2851 NAV DRIFT - STATLEG DEL -6 -3 -3 -5
3250 NÆRINGSKONTORET 1 183 1 877 1 877 1 505
3253 JORD- OG SKOGBRUK 525 533 533 518
3610 VILTFORVALTNING 148 43 43 59
Sum gruppeansvar: 4 DIVERSE TENESTEOMRÅDE 8 538 9 824 9 824 9 168

NAV Giske, sosiale tenester

NAV Giske hadde eit samla mindreforbruk i 2020 med kr 690 000. Mindreforbruket er knytta til sjukelønsrefusjon og ikkje leigd inn vikar. Tenesta sosialhjelp viser eit mindreforbruk kr 700 000. Kvalifiseringsprogrammet og sosialhjelp til flyktningar viser eit meirforbruk. Samla går tenestene i balanse.

Målekort

Målekort
Mål Kva er gjort? Resultat 2020
Implementere Digitale innbyggjartenester, sosiale tenester (DIGISOS) i 2020 NAV Giske tok i bruk Digisos tidleg mars 2020. Dette vart eit svært viktig verkty då korona-pandemien kom. Rask og effektiv saksbehandling. Fleire brukarar er sjølvstendige og søkjer digitalt om tenestene våre. Målet er nådd
Minst oppretthalde plasseringa frå 2018 i kommunebarrometeret for sosialhjelpsutgifter På tross av koronasituasjonen har talet på personar som har motteke sosialhjelp i 2020 gått ned frå 2019. Talet på unge sosialhjelpsmottakarar har vore stabilt lavt. Målet er nådd
Oppretthalde fokus og satsing på gjeldsrådgjeving Koronasituasjonen vil få store ringverknader og at behovet for gjeldsrådgjeving med tunge saker vil auke framover. Målet er nådd
Vurdere kvalifiseringsprogrammet (KVP) for brukarane og tilby program til alle som har fylt vilkåra. Grunna korona, har fleire fått forlenga KVP. Dei som kan nyttegjer seg tilbodet, får dette. Målet er nådd.
Sette vilkår om aktivitet 2) ved tildeling av økonomisk sosialhjelp til brukarar under 30 år Oppfølgjing av ungdom under 30 år er ein av våre hovedprioriteringar. Det er viktig med tidleg og tett oppfølgjing av denne gruppa. Det gode samarbeidet vi har med Giske Frivilligsentral har også hatt stor betydning. Tiltaket blir brukt som aktivitetskrav for mottakarar av sosialhjelp. Det blir også brukt som arbeidsretta aktivitet for brukarar med krevjande og samansatte utfordringar. Målet er nådd
Ein trygg og sikker arbeidsplass Grunna koronasituasjonen har kontoret vore stengt for fysisk oppmøte, om lag heile 2020. Kontinuerleg arbeid
Systematisk HMS-arbeid Grunna korona- og leiarsituasjon, har dette hatt mindre fokus i 2020. Kontinuerleg arbeid
God økonomistyring Mindreforbruk kr 690 000 Målet er nådd

Kostratal, sosiale tenester 2020

Kostratal, sosiale tenester 2020
Nøkkeltal Enhet Giske Kostragr 1 Landet utan Oslo
Sosialhjelpsmottakarar Antal 102 5 279 110 053
Tal sosialhjelpsmottakarar 18-24 år Antal 18 1 082 21 554
Sosialhjelpsmottakarar med sosialhjelp i 6 mnd eller meir Antal 24 1 580 41 622
Sosialhjelpsmottakarar med arbeidsinntekt som hovudinntekt Antal 16 662 12 661
Sosialhjelpsmottakarar med sosialhjelps som viktigaste kilde til livsopphald Antal 37 1968 43 661
Sosialhjelpsmottakarar som bur i eigd bustad Antal 13 569 8 111
Tal barn i familien som mottok sosialhjelp Antal 54 2831 54 994
Tal under "Kostragr 1" viser sum alle kommunar i kostragruppe 1. Dermed vert det vanskeleg å samanlikne tal i Giske kommune opp mot kommunar i same kostragruppe.

Korona

NAV hadde på plass gode IKT løysninar, som gjorde det lettar å omstille arbeidet. Mottaket hjå NAV Giske har vore stengt for drop in. Eininga har likevel hatt stor fokus på å vere tilgjengelege for dei brukarane som har størst behov for bistand. NAV har oppretta vakttelefon for akutte behov. I tillegg er det lagt ut informasjon på kommunen si heimeside og på nav.no. Det er blitt gjennomført fysiske møter med brukarane som hadde behov for det, elles blei dei fleste møtea halde digitalt.

Bærekraftsmål

1 og 2: Forebygge og redusere fattigdom, ta hensyn til barns beste. Tenesta arbeider kontinuerleg med oppgåver for å førebygge og redusere fattigdom.

8: Økt inkludering i arbeidslivet: Aktivitetar og samarbeid med ulike partar for å få fleire i aktivitet og arbeid.

17: Samarbeid mellom ulike enheter. Nav har gjennom året samarbeida med ulike tenester i kommunen, næringslivet og andre aktørar/partar. Samarbeidet har vore viktig for framgang og utvikling i brukarsaker.