Heimebaserte tenester

Det vert levert heimebaserte tenester både i bukollektiv, bufellesskap, omsorgsbustader, og i heimen til brukaren. Tenestene er heimesjukepleie, praktisk bistand, BPA (brukarstyrt personleg assistanse), kvardagsrehabilitering og velferdsteknologi. Heimebasert teneste er den største tenesta i omsorgsdistrikta og Meistring og psykisk helse, og vert gitt til brukarar, barn,unge og eldre. Den står føre ei tid med stort fokus på tenesteutvikling, tverrfagleg samarbeid, digitalisering og nye arbeidsmetodar. Tenestene er i tett samarbeid med tildelingskontoret i vurdering og utmåling av teneste. Målet er at brukaren vert sjølvhjelpt så langt som råd og vere meir aktiv i eige liv. Kvardagsrehabilitering er implementert som fast teneste i kommunen og heimebaserte tenester har fått opplæring i modellen som skal vere ein aktiv del av tenesteytinga. Det vert framover ei nøye vurdering av kva ein kan tildele av velferdsteknologiske løysingar som første val. Tenestene merkar ei auke både i tal på brukarar og i kompleksiteten innan pleie og omsorgstenestene. Tal brukarar innan heimebasert teneste har hatt markant auke sidan 2015, noko som har ført til stor belastning på dei tilsette.

Nye måtar å yte teneste på vert avgjerande for at kommunen skal klare å møte framtidige behov. Spesialisthelsetenesta vurderer stadig sine tenester og kommunen merkar godt at brukarane kjem raskare heim og er dårlegare enn tidlegare. Dette fører til eit stort press på heildøgnsplassane og auka krav til meir tenesteyting i heimane. Kommunen har tidlegare år klart å ta i mot alle ferdig utskrivingsklare pasientar ved sjukehuset. I 2019 og 2020 klarte kommunen ikkje det, og måtte betale bøter for om lag kr 450 000 og kr 400 000 i desse åra. Dette viser utfordring mellom tilstrekkeleg tenestekapasitet og reelt behov i samfunnet.

2020 har vore prega av svært pressa drift med krevjande brukarsituasjonar med stort behov for oppfølging og kompetanse. Heildøgsplassane er til ei kvar tid nytta og ved fleire avdelingar er det overbelegg. Kommunen har vanskar med å rekruttere sjukepleiarar og helsefagarbeidarar, og fleire signaliserer at dei ikkje maktar å gå i 100% på grunn av stort arbeidspress.

Omsorgstenestene viser ei markant auke sidan 2014, i tal brukarar, tal tildelte tenester og tal elektroniske meldingar (elektroniske meldingar mellom kommunen, sjukehuset og fastlegane), medan tal tilsette innan omsorg er lavare. Einingane har i tillegg driftstiltak om å ikkje leie inn ved fråvær eller vakante vakter. Dette er krevjande å gjennomføre og ein merkar slitasje på dei tilsette.

Utfordringa vidare vert å ha økonomisk berekraftige tenester, yte fagleg forsvarlege tenester, rekruttere rett og god kompetanse, handtere auka innan bu- og tenestetilbod til barn og unge med spesielle behov, møte auka innan tal demente, auka forventing til kva kommunale tenester skal yte og halde tritt med nye lover, krav og forskrifter.

Heimebasert teneste (HBO) vart frå 6.1.2020 samla ved Giske omsorgssenter.

Kommunebarometeret for 2020 viser at Giske kommune yter gode og kostnadseffektive omsorgstenester.