Grunnskule, SFO (skulefritidsordning) og skuleskyss

Grunnskular

Giske har 5 grunnskular: Vigra skule, Valderøy barneskule, Giske skule, Godøy skule og Valderøy ungdomsskule.
Opptaksområdet for barneskulane er kvar enkelt øy. Giske har ikkje fritt skuleval, men elevar kan med heimel i opplæringslova søkje opptak ved ein annan barneskule enn den dei soknar til.

Elevar frå Giske og Godøy går 8.-10. klasse på Godøy skule, medan elevar frå Valderøya og Vigra går på Valderøy ungdomsskule.

Elevtalsutvikling

Elevtal per 1. oktober 2020

Elevtal per 1. oktober 2020
1.-4. klasse 5.-7. klasse 8.-10. klasse SUM
Vigra skule 102 88 0 190
Valderøy barneskule 244 186 0 430
Giske skule 50 27 0 77
Godøy skule 74 50 95 219
Valderøy ungdomsskule 0 0 283 283
Totalt 470 351 378 1199

Grunnskule

Grunnskuletenestene kosta i 2020 netto 107,4 mill. kroner. Det er ein reduksjon på om lag 5,4 mill frå 2019. Samla kostnader var 7,8 mill lavare enn i 2019, eit mindreforbruk på 3,6 mill i høve til endra budsjett.

Kostnaden til funksjon 2020 grunnskule var 90.644 kroner per innbyggar 6-15 år. Berre to kommunar i fylket hadde lavare kostnader enn Giske.

Kostnaden per innbyggar 6-15 år på skulebygg var om lag på gjennomsnitt for vår kommunegruppe med 18,486 kroner. Gjennomsnittet for fylket er 17.228 kroner.

Dei viktigaste grunnane til denne nedgangen ligg i reduserte pensjonskostnader (3,4 mill i høve til 2019) og mindre arbeidsgivaravgift (1,5 mill i høve til 2019). Dessutan er bruk av vikar og engasjement redusert med om lag 1,5 mill kroner.

Det har og vore spart inn på tenesteproduksjonen

  • Vidareutdanning og kursing er kraftig redusert. Lærarar som tok utdanning før 2014, har dispensasjon til 2025 med å skaffe seg dei studiepoenga dei manglar for å ha godkjend utdanning til å undervise i skulefaga. I 2020 fekk lærarar i Giske berre godkjent vidareutdanning med statleg stipend til nettbaserte og regionale kurs med lave kostnader.
  • Vårt einaste fungerande basseng har vore stengt, og skulane har ikkje gitt symjeopplæring i 2020.
  • Lærarnormen er ikkje oppfylt, bortsett ved Godøy skule og Giske skule. Totalt manglar skulane om lag 3 lærarstillingar.
  • Skulane har gjort innsparingar i leksehjelp og fysisk aktivitet. Kjøp av varer og tenester er redusert med 1 mill i høve til 2019.

Skulestruktur

Kommunestyret gjorde i september vedtak om at ungdomstrinnet i kommunen skal samlast på Valderøya i nye Giske ungdomsskule og at Alnes skule skal takast ut av bruk. Godøy skule blir med dette ein 1-7- skule.

Administrasjonen og styringsgruppa som er utnemnd av livsløpsutvalet har etter vedtaket arbeidd målretta for at vedtaket skal kunne setjast ut i livet frå oppstart av skuleåret 2021-22.

Korona

Alle elevar i Giske har nettbrett til bruk i undervisninga. Dermed kunne skulane setje i gang med digital heimeundervisning frå dag ein då skulane vart stengde på grunn av pandemien. SFO og barnehage kunne raskt setje i gang med tilbod til barn av foreldre med samfunnskritiske funksjonar.

I den digitale heimeundervisninga var det særleg viktig å følgje opp barn med særlege utfordringar. Nokre barn kunne få tilbod på skulen, men for dei fleste var tilbodet digital undervisning. Då skulane kunne starte opp gradvis etter påske, var det viktig å organisere elevane i kohort for å redusere smittetrykket. Det vart organisert ekstra reinhald, noko som fungerte svært godt.

Svikten i inntekter frå foreldrebetalinga i SFO var betydeleg. Skulane fekk noko kompensasjon for dette tapet. Det lave lønnsoppgjeret og den reduserte arbeidsgivaravgifta bidrog til å redusere tapet. Det vart svært utfordrande for skulane å gi eit fullverdig SFO-tilbod med godt smittevern. Nokre måtte difor redusere omfanget av tilbodet noko. I sum har nok koronatiltaka bidrege til å auke kostnadene på skulefritidstilbodet i 2020.

Spesialundervisning

Giske kommune har sett i gong eit arbeid for å vri frå spesialundervisning til tilpassa ordinær undervisning. Det har i 2020 vore gjort ein stor innsats for å få ned spesialundervisninga. Frå 2019 er talet på elevar som har spesialundervisning redusert frå 12% til 9,42%.

Sidan spesialundervisninga har vore så sterkt samordna, er det dei store vedtaka som kostar, og det er vanskeleg å redusere timebruken til dei elevane som treng det mest. Giske brukar i dag ca. 14.600 undervisningstimar, ca. 21,9 % av det samla timetalet til spesialundervisning. Dei nasjonale tala er 17,7%. Det tilsvarar ca. 11.800 timar for Giske.

Andel elevar med vedtak om spesialundervisning

Andel av undervisningstimar til spesialundervisning av undervisningstimar totalt

SFO - Skulefritidsordning

Det er SFO-ordning ved alle barneskulane i kommunen. SFO skal vere sjølvfinansierande med unntak av ekstra kostnader til barn som treng tilrettelegging. Månadsprisen var 3.290 kroner for full plass. Dette er den høgaste foreldrebetalinga i fylket og kan vere ei medverkande årsak til at ein relativt mindre del av elevar i 2.-4. årstrinn har SFO (sjå grafen nedanfor).

I samarbeid med selskapet Envidan blir det kvart år gjort sjølvkostkalkyler i høve til SFO-tilbodet. Kostnader til stabsfunksjonar og ekstra tiltak for barn med særlege behov blir haldne utanfor.

Frå 1. august 2020 vart det innført to moderasjonsordningar: Redusert foreldrebetaling for foreldre med barn på 1. og 2. klassetrinn. Foreldrebetalinga per barn skal maksimalt utgjere seks prosent av inntektene til hushaldninga. Barn med særskilte behov på 5.-7. trinn har rett til gratis SFO.

Nettokostnadene til SFO har auka kraftig det siste året, frå om lag 1,5 mill. kroner til nesten 2,7 mill. kroner. Den viktigaste grunnen er ein sterk auke av elevar som har større behov for hjelp og tilsyn.

Foreldrebetalinga for SFO var med 3.290 kroner for heil plass den høgaste i fylket.

Tal på barn i SFO Tal på barn i SFO Kor mange av desse har full plass Kor mange av desse har full plass
Skule \ år 19-20 20-21 19-20 20-21
Giske oppvekstsenter 22 22 17 12
Godøy skule 34 37 25 12
Valderøy barneskule 126 131 56 65
Vigra skule 62 58 29 30
SUM 244 248 127 119
Prosent

Andel elevar med SFO-tilbod

Skuleskyss

Fylkeskommunen organiserer både ordinær skyss og tilpassa skyss for elevar med særlege behov. Kommunen betaler ein eigenandel som tilsvarer enkeltbillett på buss etter ordinær takst, både for ordinær skyss og tilpassa skyss. Dette gjeld óg skyss for elevar ved private skular, der kommunen betaler skyss til kommunegrensa. Elevar med delt bustad kan ha rett til skyss frå begge heimane. For elevar i 1. klasse er skyssgrensa 2 km, for eldre elevar er skyssgrensa 4 km.

I vårhalvåret hadde til saman 259 elevar rett til skyss. 25 av desse var førsteklassingar. I hausthalvåret hadde 277 elevar skuleskyss, av desse var 28 førsteklassingar. Totalkostnaden var 1.607.000 kroner. Budsjettet var på 1.833.000. Mindreforbruket skuldast at det ikkje var skuleskyss i mars/april pga. korona.

Kostra grunnskule 2020

Kostra grunnskule 2020
Nøkkeltall Eining Giske Ålesund Sula Kostragruppe 01 Landet utan Oslo
Årstimar til særskilt norskopplæring per elev med særskilt norskopplæring antall 31,6 28 40,6 53,1 36,2
Årstimar til spesialundervisning per elev med spesialundervisning antall 129 170,2 128,7 146,3 143,1
Elevar i kommunale og private grunnskular som får særskilt norskopplæring prosent 3,30 6,80 1,90 3 4,70
Elevar i kommunale og private grunnskuler som får spesialundervisning prosent 9,4 9,5 6,9 8,4 7,8
Elevar på mestringsnivå 3-5, nasjonale prøver i lesing 8.trinn prosent 69,8 74,2 61,2 68,0 72,4
Elevar på mestringsnivå 3-5, nasjonale prøver i regning 8.trinn prosent 60,4 72,6 66,1 64,8 68,1
Gruppestorleik 2 antall 18,2 16,1 17,4 15,3 15,7
Gjennomsnittleg grunnskulepoeng antall 42,9 43,7 42,6 42,2 42,9
Netto driftsutgifter grunnskulesektor (202, 215, 222, 223), i prosent av samla netto driftsutgifter prosent 26,7 21,4 24,4 23,5 22,4
Netto driftsutgifter til grunnskulesektor (202, 215, 222, 223), per innbyggar 6-15 år (kr) kr 112 658 111 799 103 656 123 785 116 611
Netto driftsutgifter til funksjon 202 Grunnskule, per innbyggar 6-15 år) kr 90 644 95 300 88 678 99 370 93 025
Netto driftsutgifter til funksjon 215 SFO, per innbyggar 6-15 år) kr 2 210 1 946 1 828 2 242 2 386
Netto driftsutgifter til funksjon 222 Skulelokale, per innbyggar 6-15 år) kr 18 486 12 944 11 882 18 572 19 058
Netto driftsutgifter til funksjon 223 Skuleskyss, per innbyggar 6-15 år) kr 1 318 1 607 1 267 3 601 2 141
Kjelde: https://www.ssb.no/kommunefakta/kostra/giske/grunnskolen