Kvalitet, internkontroll og beredskap

Kommunelovas § 25-1 sett krav til kommunedirektøren sin oppfølging av internkontrollen. Gjennom 2020 har fokus på kvalitet, internkontroll og beredskap blitt styrka. I tillegg til beredskapskoordinator i 0,2 årsverk har vi fått på plass ein seniorrådgivar i 0,5 årsverk innafor kvalitet og internkontroll. Frå 2021 er desse to stillingane slått saman til 1 årsverk.

Det har vore svært arbeidskrevjande arbeid med COVID-19-pandemien frå medio februar. I starten involverte dette spesielt beredskapsleiinga og helse- og omsorgssektoren. Seinare vart omtrent alle sektorar sterkt påverka, og rådhuset har vore stengt for besøk i store delar av året.

Hovudoppgåver innafor beredskap har i 2020 vore:

  • motverke, isolere og slå ned smitteutbrot i sektorane
  • etablere mellombels legesenter for Giske i Ålesund
  • legge til rette for karanteneopphald for tilreisande
  • etablere og drifte teststasjonar på Ålesund Lufthamn Vigra og ved rådhuset
  • samordne med regionale og nasjonale smitteverntiltak
  • halde løpande kontakt med fylkesmannen/ statsforvaltaren
  • drive løpande informasjonsarbeid mot innbyggarane

Hovudoppgåver innafor kvalitet og internkontroll har i 2020 vore:

  • velje overordna kvalitetssystem; Compilo
  • personvernforordningen; protokollar for personopplysningar og personvernerklæringar
  • samarbeid med personvernombod i IKA MR
  • prosjekt Omstilling av fellesfunksjonar; organisering av fellesfunksjonane slik at denne bidreg til effektiv drift og rett og god tenestekvalitet

Det er også starta eit arbeid med å lage ein strategi for kvalitet og internkontroll.

Giske kommune er ein lærande organisasjon der vi saman jobbar med å utvikle kapasitet til å levere tenestene våre i tråd med verdiane våre; respekt, løysingsvilje, engasjement og kvalitet.