Fysio-ergo-terapiteneste, kvardagsrehabilitering
Fysioterapi: 2,6 årsverk, ergoterapi: 0,5 årsverk, velferdsteknikar:1 årsverk, kvardagsrehab: 2,5 årsverk
Brukarar: Fysioterapi: 150, Ergoterapi: 70 Kvardagsrehabilitering: 96, Hjelpemiddel: kommunal inn- og utkjøyring: 231, Frå NAV: inn- og utkjøyring: 2591, Valderøy fysioterapi: 174
Barnehagane i kommunen, med unntak av to barnehagar, har vore gjennom barnehageprosjekt i regi av fysioterapiavdelinga, der målet er at dei skal auke fokus på bevegelsesglede og motorisk utvikling. Målet med prosjektet er at barnehagane skal få eit verktøy for å avdekke avvik tidleg. Dette har vore eit vellukka prosjekt, som også andre kommunar har fått inspirasjon til. Fysio/ergo-tenesta starta opp balansegruppe i 2020.
Ventelista har aukar både på fysio-, ergo og kvardagsrehabiliteringa. Ein ser også ei auke i at pasientane som kjem frå sjukehuset, blir dårlegare. Det er venteliste både i den kommunale og private fysioterapitenesta.
Kostratal fysioterapi 2020
Nøkkeltall | Enhet | Giske | Kostragruppe 01 | Landet utan Oslo |
---|---|---|---|---|
Avtalte fysioterapeutårsverk per 10 000 innbyggere | Årsverk | 6,1 | - | 9,6 |