• Forside
  • Kommunedirektøren har ordet

Kommunedirektøren har ordet

RESPEKT, LØYSINGSVILJE, ENGASJEMENT, KVALITET er Giske kommune sine verdiar. Som tilsett i Giske arbeider vi kvar dag for at innbyggarane skal kjenne oss igjen på akkurat det. Respekt, løysingsvilje, engasjement og kvalitet.

Vi hadde så vidt starta på 2020 då pandemien ramma oss, og den ramma oss i Giske hardt. Vi fekk smitte inne på legesenteret vårt, og deretter inne på bu- og behandlingssenteret, og to av våre innbyggarar døde av viruset. Frå første dag sette vi kriseleiing, og har gjennom året hatt fortløpande møter i kriseleiinga, involvert einingsleiarane og arbeidd med å få ut god informasjon til innbyggarane. Skulen var frå første dag digital, dette var vi godt førebudde på. Vi hadde verktøya og vi hadde verkemidla og kunne undervise digitalt umiddelbart. Dette fordi Giske kommune gjennom fleire år har satsa digitalt. Som vertskap for Ålesund lufthavn, Vigra, blei vi nok ein gong kasta inn i nye utfordringar då det blei stilt krav om innreisekontroll, karantenehotell og etter kvart også testing av innreisande. Ålesund lufthavn, Vigra er Norges 3. største lufthavn når vi ser på flytrafikken frå utlandet. Vi har bygd opp ei eiga avdeling for TISK (testing, isolering, smittesporing og karantene). Eg vil framheve det gode samarbeidet med Ålesund kommune, Statsforvaltaren og Avinor. Vi har stått i det snart eitt år når vi no forlet 2020, og eg veit at medarbeidarane er slitne. Slitne av smittevern, slitne av ikkje å kunne møtast, slitne av ikkje å kunne gi klem til brukarane våre, slitne av å sitte på heimekontor. RESPEKT for den jobben dei har gjort det siste året, og som vi må fortsette med på ubestemt tid.

Gjennom 2020 er vi godt i gang med å snu drifta. Det har vore krevande for dei tilsette, det har vore krevande for politikarane og ikkje minst er det krevande for innbyggarane som må tilpasse seg endra tenester. Giske kommune må fortsette å snu drifta også i 2021. Vi må fortsette å arbeide med digitalisering, og vi må fortsette å arbeide innovativt og i samspel med innbyggarane. I tillegg til det generelle fokuset på den økonomiske snuprosessen har det i 2020 vore stort fokus på skulestruktur. Eg har lyst å ta med eit sitat frå KS sitt landsmøte, "for å bevare må vi endre", og det er det vi snakkar om. Skal vi klare å bygge Giske-skulen innafor dei økonomiske rammene vi har så må vi endre. Endring er vanskeleg å handtere for alle, endring i skule er særs vanskeleg. Kvifor? Fordi vi alle har eit forhold til skulen, om vi er foreldre, besteforeldre eller barn. Om vi gjekk på ein skule vi oppfatta som god eller dårleg, om vi hadde venner, eller blei mobba så har vi eit forhold til skulen, og dei fleste av oss er generelt negativ til endring. Kommunedirektøren har eit oppdrag i å bygge ein samla Giske-skule, uansatt kor du bur så skal du få det same tilbodet, lærarane skal ha den same faglege bakgrunnen, og godkjende utdanninga. Med LØYSINGSVILJE fremst sett vi for fullt i gong med dette i 2021.

Når vi oppsummerar drifta for 2020 økonomisk ser vi at vi nærmer oss rett nivå, men når vi samtidig veit at vi blir utfordra av fleire innbyggarar som treng tenester frå oss må vi fortsette endringsprosessen også dei komande åra. For å fortsette snuprosessen må vi bli ei endå betre samspelkommune. Samspel med innbyggarane, samspel med næringslivet, samspel med frivilligheita er ein nøkkel til suksess. Det er stort ENGASJEMENT i kommunen så eg håpar at det og kan kome til uttrykk gjennom utvida samspel dei komande åra. Samspel i regionen er og viktig. Vi har tatt eit stort steg i 2020 gjennom godt samspel knytt til arbeid med Marine grunnkart og PAKT (plan for areal, klima og transport). Desse prosjekta er også viktige når vi sett Berekraft på agendaen. Giske har så vidt begynt å "skrape i overflata" i berekraftsarbeidet, i handlings- og økonomiplan 2021-24 har vi tydeleggjort dette som ei sektorovergripande satsing.

Giske kommune skal levere rett KVALITET på tenestene våre. Men kva er rett kvalitet? Det første steget i arbeidet har vore å få på plass eit heliheitleg kvalitetssystem, som omfatter alle tenestene våre, dette skal vi arbeide mykje meir med i 2021. GDPR, gode rutiner for handtering av personvernet til innbyggarane har hatt stort fokus i 2020. Eg er glad for at vi er ein open og inkluderande organisasjon kor det skal vere lett å melde avvik. Avvik gjer at vi sett fokus på forbetring og sikkerheit i dei ulike einingane.

2020 har vore det første driftsåret etter at Giske valgte å stå på eigne bein - vi står sjølv! Skal vi fortsette med det må vi halde fram med å endre, fortsette å ha fokus på rett kvalitet, fokus på samspel, og ikkje minst fokus på fortsatt digitalisering og effektivisering.

Vi er på veg!


Fotograf: Hilde Røsvik, Giske kommune