Kommunalt kartverk

5400 Kommunalt kartverk

Regnskap 2020 : Meirforbruk kr 301 727

Overforbruk skyldast i hovesak utgifter til lisensar. Det er utarbeidd ny fordelingsnøkkel der 60 % av kostnadane overført til sjølvkosområda med virkning fom 2021.

Marine grunnkart: Kommunen deltek i felles kartleggingsprosjekt saman med nye Ålesund kommune og Statens kartverk der sjøområda i kommunen vert kartlagde. Det er undersjøisk topologi og grunnforhold som kartlegast i første omgang. Ut frå desse datasetta angis undersjøisk fauna og biologisk masse. Framtidig vidareutvikling/ kvalitetsheving i form av nykartleggingar på utvalde tema som til dømes forureiningspunkt, område med dårleg resipient, straumforhold osv må vurderast på lik linje med fortløpande kvalitetsheving av kommunens landbaserte kart.

Kartlegging av sjøområda vil vere eit avgjerande verkty for bærekraftig planlegging- og forvaltning av sjøområda i kommunen. Marine grunnkart vil vidare vere viktig beslutningsgrunnlag for landbaserte aktivitetar/utbyggingar og andre menneskeskapte påverkander som har konsekvens for sjøområda.