Tildelingskontoret og sosiale tenester
Tildelingskontoret vart etablert våren 2016 og har 2,3 årsverk innan saksbehandling innan helse og omsorg. Kontoret saksbehandler søknader til omsorgstenester. Kontoret har så langt handtert auke tal brukarar, søknader og tal tildelte tenester med færre ressursar, grunna reduksjon 1 årsverk i 2020. Særleg frå 2018 opplever kontoret auka i arbeidsoppgåvene som svært krevjande. Kontoret samarbeider tett med einingane innan helse, pleie og omsorg, og arbeidet påverkar i særleg stor grad aktiviteten i ramme 7.
Sosiale tenester: støttekontakt: 43 mottatt tenester, 7 avlastningsordning. Tenesta har delvis nådd målet om at mennesker med særlege behov for støttekontakt og avlasting skal sikrast rett teneste til rett tid. Grunn til dette er at det er vanskar å rekruttere støttekontakter og avlastningsheimar. Ein ser eit auka behov for tenestene framover grunna fleire brukarar med store og krevjande hjelpebehov.