Skulehelseteneste og helsestasjon

7,2 faste stillingar og 2,8 stilling finansiert av tilskotsmidlar frå Helsedirektoratet. Helsestasjon har 714 barn 0-6 år. Ca 1500 barn frå 7-18 år. Jordmor har hatt oppfølging av 97 gravide i 2020.

Giske kommune er ei vekstkommune og har ca 20% utanlandske innflyttarar som krev ekstra teneste av helsestasjonen. Kort liggetid på sjukehuset t.d knytt til fødsel, gir større ansvar og utfordringar for helsestasjon.

Helsestasjonen vart styrka med tilskotsmidlar i 2020. 0,4 årsverk jordmorstilling og 2,4 årsverk helsesjukepleiestilling. Tilskotet har gjort det mogleg å arbeide meir med førebyggande tiltak, tidleg innsats, tverrfagleg samarbeid og generelt vere tettare på barna. Det er utarbeidd og tatt i bruk prosedyre for kartlegging av rusvaner og vald i nære relasjonar. Fastlege og jordmor har starta kartlegging av alkoholvanar til dei gravide, her er prosedyre tatt i bruk. Alle babyforeldre får tilbod om å vere med i barselgruppe x 1 på helsestasjon. Alle førstegangsforeldre får tilbod om foreldreførebuande kurs før fødsel. Alle foreldre får tilbod om Cos-P, foreldreveiledningsgruppe. Heimebesøk til alle ny fødde av jordmor og helsesjukepleiar. Etterkontroll tilbod til mor av jordmor, 6-8 veker etter fødsel. Då koronapandemien kom vart ein del heimebesøk tatt på helsestasjonen.

Psykiske vansker er aukande og ein ser at tverrfagelg samarbeid om oppfølgingsgruppene, er nødvendig. Helsesjukepleiar samarbeider med psykisk helseteam og barnevern om ein del grupper. Skulehelsetenesta er eit synleg og tilgjengeleg tilbod i skulane. Psykisk helseteam og helsestasjonen har hatt undervisning om psykisk helse i skulane, dette har blitt godt motteke av både elevane og lærarane.

Kostratal helsestasjon- og skulehelseteneste, 2020

Kostratal helsestasjon- og skulehelseteneste, 2020
Nøkkeltall Enhet Giske Kostragruppe 01 Landet utan Oslo
Avtalte årsverk i helsestasjon- og skulehelsetenesta per 10 000 innbyggerer Årsverk 47,3 50,8 45,7
Andel nyfødde med hjemmebesøk innen to uker etter heimkomst Prosent 92,9 - 77,0