Bygg- og eigedomsavdelinga
5100 Eigedomsavdelinga
Regnskap 2020 : Meirforbruk Kr 2 524 442.000 inkl. koronakostander
Mindreforbruk eks. koronakostnader: Kr 700.000
Forvaltningsmessig er situasjonen særs kritisk. Grunna underfinansiering av forvaltning- drift og vedlikehald, har ein over lengre tid opparbeidd seg eit betydeleg vedlikehaldsetterslep. Etterslepet vurderast å vere på kr. 100 000 000.
For enkelte av bygga er situasjonen pr. dags dato slik at konsekvensane av tidlegare manglande/mangelfullt vedlikehald verkar sjølvforsterkande. Dette gjeld til dømes fleire av omsorgbygga som til dømes 3 tomannsbustader frå 1982 på Gudmundvegen/Godøya. Tilstanden på desse bygga er difor allereie svært dårleg. Ein må difor pårekne at vedlikehaldsetterslepet komande år vil eskalere og tilsvarande forkorte det enkelte bygg sin levetid.
I eit bærekraftsperspektiv fordrar rasjonell byggforvaltning meir enn rein funksjons-/verdibevarande vedlikehald. Gitt at ein skal kunne maksimere byggets brukstid/nytteverdi må ein ha midlar til oppgradering for for å møte endra krav til funksjon (brukstilpasning) og energibruk. Pr. i dag har ein ikkje resursar til dette - og har heller ikkje hatt dette over lang tid. Samla sett "forbruker" ein byggningsmassen mykje raskare enn forventa levetid, med tilsvarande hyppigare- og totalt sett fordyrande syklus av sanering/nybygg.
VEDLIKEHALDSETTERSLEP | ||
---|---|---|
Bygning/bygningstype | Antall kvadratmeter | Beregna utbedringskostnad |
Rådhus/admin. bygg | 5750 | 96.792.000 |
Skular | 27493 | 103.305.000 |
Barnehagar | 1816 | 1 750 000 |
Kombinasjon sjukeheim/Omsorgsbygg | 6323 | 5.600.000 |
Sjukeheim | 398 | 91 000 |
Omsorgsbygg | 3987 | 10.782.000 |
Idrettsbygg | 6968 | 1.410.000 |
Kulturbygg | 1403 | 110.000 |
Næringsbygg | 998 | 5.195.000 |
Utleigebustader | 2129 | 3.570.000 |
SUM: TOTALT | 57265 | 100.362.000 |
KORONA
Det vart innført eit øyremerkt tilskot til kommuenen til vedlikehald, rehabilitering og oppgradering av kommunal infrastruktur. Føremålet med tilskotet var å bidra til auka aktivitet i bygg- og anleggsbransjen, og dessutan å hente inn noko av vedlikehaldsetterslepet i kommunene. Giske sin andel av tilskotet var 3,9 mill.kr. Midlane skulle brukast til prosjekt og tiltak som kom i tillegg til allereie vedtekne prosjekt i kommunen sitt opphavlege vedtekne budsjett for 2020.
Investeringstiltak som vart set i verk kjem fram i del 3 Investeringar - oversikt over prosjekt, Tiltak med "(tilskot korona)" i prosjektnamnet er finansiert med dette tilskotet. Midlar på prosjekt som var igangset i 2020, men ikkje ferdigstilt ved utgangen av året er set av på bunde fond slik at kommunen kan ferdigstille prosjekta i 2021.
Av midlane vart kr 250 000 brukt til tiltak som vart gjennomført i drift:
- Godøy bukollektiv – bellegg i U eta. og vøling av vaskerom U.eta. m.m
- Vøling av Nordstrandfjøra 76.
Tiltak på bygg utført med koronamidlar:
- Vigra omsorgssenter – ventilasjon, lys, varme m.m. Budsjettramme kr 2 000 000. art: 3230, ansvar: 5100, teneste: 2650,
- Vigra skule – Sanitærbygg m.m. Budsjettramme kr 550 000. art:3230, ansvar: 5100, teneste: 2220,
- Vigra skule – Varmepumpe m.m. Budsjettramme kr 350 000. art:3230, ansvar: 5100, teneste: 2220,
- Godøy bukollektiv – bygg for naudstraumsaggregat og renovasjon m.m. Budsjettramme kr 100 000. art:3230, ansvar: 5100, teneste: 2650,
- Godøy bukollektiv – bellegg i U eta. og vøling av vaskerom U.eta. m.m. Budsjettramme kr 100 000. art:1250, ansvar: 5100, teneste: 2650,
- Vøling 3mannsbustad til omsorgs beredskap Godøy. Budsjettrammne kr 150 000. art:3230, ansvar: 5100, teneste: 2650,
- Vøling av Nordstrandfjøra 76. Budsjettramme kr 150 000. art:1250, ansvar: 5100, teneste: 2652,
- Godøy brannstasjon – oppgradering tak, fasade, elektroteknisk installasjon m.m. Budsjettramme kr 500 000. art:3230, ansvar: 5100, teneste: 3390.
Reinhald i koronaåret:
Reinhald i koronaåret har vore krevjande, men totalt sett løyst på ein god måte - både gjennom anskaffelse av smitterobot og tilkallingshjelp. Etter tilbakemelding frå reinhaldsleiar er det imidlertid eit generelt behov for større fokus- og opplæring/kursing av reinhaldspersonellet i smittevern. Dette både som kompetanseaukande tiltak for tenesta og som tiltak for å trygge den enkelte tilsette gjennom bedre å kunne vurdere eigen smitterisiko. Særleg i starten av pandemien var det mange spørsmål og tildels uro blandt enkelte av dei tilsette.