Sjølvkostområder - gebyrfinansierte tenester

5000 Byggesak

Byggesak - teneste 3020

Rekneskap 2020: Kr 0

Kapasiteten på byggesak har vore - og er fortsatt kritisk grunna sjukdom og permisjonar i delar av året. Ein har difor hatt maksimalt fokus på å forsere restansar/saksmengde siste halvåret av 2020. I tillegg har ein kjøpt saksbehandlingstenester og støtte-/samordningsfunksjon frå privat firma som har vore til stor hjelp. Kjøp av slike tenester vidareførast.

Ein har ikkje prioritert tilsyn i løpet av året. Tilsyn vert heller ikkje prioritert så lenge bemanningssituasjonen er som i dag.

Av kostra 2020 framgår at 85 % av alle byggeløyver er gitt ved dispensasjon. Til samanlikning ligg landsgjennomsnittet på 17 % og for kommuner i same kostragruppe 23% - sjå tabell nedanfor. Ein så høg andel av dispensasjonsløyve er alarmerande om må kartleggast nærmare. Saksbehandlingstida (78 dagar) på saker med 12 veker frist må sjåast i lys av dette og bemanningssituasjonen.

Sjølvkostgraden ligg på 99% noko som vurderast som særs godt.


Eigarseksjonering – teneste 3025

Regnskap 2020 : Avsetning til fond kr. 3.958

Eigarseksjonering omhandlar matrikulering av sameige/fleirmannsbustader. Saksmengda ligg på rundt 10-15 saker pr. år. Sakene blir behandla fortløpande og det er ingen opparbeidde restansar.

År Saker totalt Saker med 3 veksers frist Saker med 12 vekers frist
2019 292 Usikre tal (tidsbruk: 20 dagar) Usikre tal (tidsbruk: 84 dagar)
2020 246 48 saker (tidsbruk: 18 dagar) 164 saker (tidsbruk: 78 dagar)
Kostra
Nøkkeltal Enhet Giske Ålesund Sula Kostragruppe 01 Landet uten Oslo
Andel av innvilga byggesøknader som skjer gjennom vedtak om dispensasjon fra plan (prosent) Enhet 85 25 .. 23 17
Gjennomsnittlig saksbehandlingstid for byggesaker med 12 ukers frist (dager) Enhet 78 65 65 42 39
Gjennomsnittlig saksbehandlingstid for byggesaker med 3 ukers frist (dager) Dagar 18 33 21 20 17

5310 Feiing og tilsyn

Regnskap 2020 : Avsetning til fond kr. 764.411

Årets resultat på kr 1 173 151 vert brukt til inndekning av tidlegare års negative resultat på kr 411 180, og resten kr 764 411 vert satt av på fond.

Feiietenesta vert kjøpt frå Ålesund kommune, og det vert feia annakvart år. Det har ikkje vore utgifter i år( feiing anna kvart år), men har fått inn løpande inntekter (årleg utsending av gebyr).

Årets avsetning til fond vert å nytte til kjøp av feietenester neste år.

5410 Oppmålingsforretning

Regnskap 2020 : Bruk av fond kr. 48 056

Kommunen kjøper oppmålingstenester frå privat landmålarforetak. Pr. i dag utgjer kjøp av slike tenester halve oppmålingsgebyret. Øvrig halvdel av gebyrinntektene dekker kommunens eige arbeid med med mottak av krav til matrikkelføring, kontroll av måleprotokoll samt matrikkelføring/tinglysing.

Det er pr i dag ingen restansar.

6200 Vassforsyning

Regnskap 2020 : Avsetning til fond kr. 2.728.347

Differanse mellom budsjettert bruk av fond på kr. 591.837 og faktisk regnksapmessig avsetning på kr. 2.728.347 skuldast :

  • Vesentlig høgare inngang av tilknytingsgebyr
  • Lågare renteutgifter (kalkulatoriske renter)
  • Generellt underforbruk på øvrige budsjettpostar

Tilstand/alder i forsyningsnettet medfører om lag 40% svinn/lekasje. Ein har difor auka utskiftingstakten/fornyinga av leidningsanlegga til 8 mill. for 2020. I tillegg er ein i ferd med å etablere målekummar for betre å kartlegge omfang- og lekasjepunkt i dei ulike leidningstrekka.

Ein er i prosess med forhandling av ny avtale om kjøp av vatn frå Ålesund kommune. Ein har pr i dag ikkje ferdigstilt forhandlingane, men høgre pris pr. m3 må forventast ut frå dei innvesteringar som Ålesund no er i ferd med å gjere i eigen vassproduksjon.

Utført oppgradering på leidningsnettet 2019 2020
Antal nye meter leidningsnett 883 m 2 100 m
Antal meter fornya 4 103 m 2 663 m
Antal lekkasjereparasjonar 8 hendingar 15 hendingar
Vassmengde levert på nettet 2019 2020
Vassmende frå Alnesvatnet 935 072 m3 927 011 m3
Vassmengde levert frå Ålesund 221 202 m3 128 100m3
Totalt forbruk inkludert lekkasje 1 156 274 m3 1 055 111 m3

6300 Avløp og rensing

Regnskap 2020 : Avsetning til fond kr 2 310 423

Differanse mellom budsjettert bruk av fond på kr. 1.790.641 og faktisk regnksapmessig avsetning på kr. 2 310 423 skuldast :

  • Vesentlig høgare inngang av tilknytingsgebyr
  • Lågare renteutgifter (kalkulatoriske renter)
  • Generellt underforbruk på øvrige budsjettpostar

I 2020 vart mesteparten av budsjetmidlane nytta til å utbedre setnings skader på Godøy brannstasjonen etter kollaps av et gammelt 1000 mm overvannsrør stålrør som lå under stasjonen og påførte bygget betydelige skader .

Det ble i tillegg bytta og oppgradert nokre korte spillvatn- og Overvassrør på andre prosjekt.

Det er større fokus på utskifting av avløp og spillvatn i 2021.

6350 Slamtømming

Regnskap 2020 : Reduksjon av tidligare års ikkje framførbare resultat 96 869

Årets resultat på kr. 96.869 vert brukt til inndekning av tidlegare års negative resultat 324.115, og ein har då eit fortsatt negativt ikkje framførbart underskudd på kr. 227.232

6400 Renovasjon

Regnskap 2020 : Bruk av fond kr. – 473.031

Planlagt nedjustering av eldre fondsmidlar.

Miljøselskapet ÅRIM har ansvar for innsamling og gjenvinning av avfall og slam i Ålesundregionen. Selskapet er eigd av sju kommunar; Fjord, Giske, Stranda, Sula, Sykkylven, Vestnes og Ålesund, med meir enn 100 000 innbyggjarar. Selskapet driv ni miljøstasjonar og har årlege innsamlingar av miljøfarleg avfall i nærområda til innbyggjarane.

ÅRIM er eit kompetansesenter som driv haldningsskapande arbeid for å auke kunnskap om miljø, gjenvinning og avfallshandtering. Selskapet legg vekt på miljøvennleg og effektiv drift.