Veganlegg, parkar og plassar

Regnskap 2020 : Mindreforbruk kr 1 141 734

Ansvarsområdet har tre ulik tenesteområder

3320 Kommunale vegar

Underforbruk på ca. kr 400 000

For snøbrøyting har ein eit svak mindreforbruk på ca kr 80 000 øvig mindreforbruk skuldast gjennomgåande innsparingar på tenesteområdet.


Snøbrøyting/vinterdrift:

Giske kommune har i dag 7 brøyteroder. Av desse brøyter kommunen 1 rode sjølv. Giske kommune setter opp brøytestikker for alle rodene. Giske kommune strør sand for alle rodene utanom rode T6 Godøya. Det er i dag ca. 88 km med kommunal køyreveg og ca. 20 km med gang- og sykkelveg i kommunen.

Det var lite snø i 2020. Kommunen brukte 608 920 kroner på snøbrøyting (dette er utan brøytestikker og strøing). Budsjettet var på 650 000. Tre leverandørar har sagt opp kontraktene sine og det har blitt utlyst og inngått ny kontrakt med to nye aktørar for tre roder i kommunen. Desse kontraktene gjeld for tidsrommet 01.11.2020-30.09.2022. Desse kontraktene har høgare prisar enn dei eksisterande kontraktene og ein kan forvente høgare kostnadar innanfor snøbrøyting dei neste åra.

Trafikktryggingstiltak:

Det var ingen midlar på budsjettet for trafikktryggingstiltak eller mindre veganlegg i 2020. Det har ikkje blitt utført noko tiltak under prosjekt 6204 Trafikktryggingstiltak.

Det blei etablert fire nye gangfelt med intensivbelysning på Valderøya. Dette blei gjennomført i samarbeid med FAU Valderøybarneskule, der dei fekk omsøkte midlar frå Samferdseldepartementet på 400 000 kroner til å gjennomføre dette tiltaket.

Gangfelt er i utgangspunktet ikkje eit trafikktryggingstiltak, men sidan det også har blitt satt opp intensivbelysning kan ein kategorisere dette som eit trafikktryggingstiltak. Dette prosjektet blei ført på 6201 Mindre veganlegg.

3341 Gatelys

Mindreforbruk på ca. kr. 400.000

Skuldast låge straumutgifter.

Drift og vedlikehald av gatelys er hovudsakleg delt inn i to budsjettpostar "Straumutgifter" og "Vedlikehald anlegg".

I fjor brukte vi 653 298 kroner på straumutgifter. Straumen var billig i fjor og ein må rekne med at desse utgiftene kan bli høgare i år, om straumprisen endrar seg. I budsjettet var det satt opp 1 050 000 kroner til straumutgifter.

Til vedlikehald anlegg brukte vi 853 631 kroner. I budsjettet var det satt opp 1 000 000 kroner. Vedlikehald anlegg inneber utskifting av mørke pærer, feilsøk, avskrudd sikring, jordfeil/kabelfeil, utskift av skada armatur, utskift av skada/råten stolpe, arbeidsvarsling og diverse andre problem/kostnader kring gatelys. Grunn for avvik frå rekneskap og budsjett er at det blei utført stor drift i desember der kostnadene er betalt i 2021, og det var eit gatelys som velta over ein bil der det var usikkerheit med kostnadene kring dette.

Giske kommune har ansvar for drift og vedlikehald for ca. 3100 gatelys. Dette er gatelys på kommunale vegar, fylkesvegar og delar av riksveg i kommunen. Drift og vedlikehald av gatelys på riksveg og nokre av fylkesvegane får vi refusjon frå Statens vegvesen og Fylkeskommunen. På fylkesveg får vi refusjon på dei vegane med ÅDT over 1200.

Størsteparten av drifts- og vedlikehaldskostnadane er naturleg nok i vinterhalvåret med tilsvarande reduserte kostnader sommarhalvåret.

3350 Parkar og plassar

Mindreforbruk på ca. kr. 240.000

Gjennomgående innsparingar på tenesteområdet.

Sjølv med auka overføringar frå kyrkja, er tenesta fortsatt underfinansiert/underbemanna tilsvarande to heile stillingar. I realiteten er park-/kyrkjegardstenesta heilt avhengig av støtte (bemanning) frå VAR-området for å kunne går rundt. Dette er kryssfinansiering frå sjølvkostområdet (abonnentane) som ikkje er lovleg. Ei oppjustering av driftsmidlane er difor påkrevd gitt at ein skal kunne halde parktenesta på dagens nivå.