Offentleg helseteneste/legekontor
Totalt 2,63 kommunal legestilling (inkl.lege i spesialisering, LIS1)
8 sjølvstendig næringsdrivande fastlegar. Fastlege listeinnbyggarar: 7847 per desember 2020
Legestaben er stabil og kommunen har lykkast med å rekruttere tre nye fastlegar og ein fastlegevikar i 2020. To fastlegar deltek i prosjektet Allmennlege i spesialisering Vest (ALIS Vest) der kommunen får om lag kr 150 000 kroner per år til støtte for utdanning til legane.
Giske kommunale legesenter AS har knytt seg opp til tenesta "Min helse", noko som forenklar kommunikasjonen mellom lege og pasient. Det er også innført digitale funksjonar for fastlegetenesta i den nasjonale portalen helsenorge. www.helsenorge.no. Vi merkar godt at legetenesta er i endring og at det er lettare å rekruttere til faste kommunale stillingar enn næringsdrivande stillingar. Kommuneoverlegen har hatt eit stort arbeid knytt til koronasituasjonen, i tett samarbeid med beredskapsleiinga, tenestene i kommunen, legesenteret, Helseføretaket, andre partar og andre kommunar.
Kostratal legetenesta, 2020
Nøkkeltall | Enhet | Giske | Kostragruppe 10 | Landet utan Oslo |
---|---|---|---|---|
Avtalte legeårsverk per 10 000 innbyggere | Årsverk | 10,8 | 10,8 | 11,4 |