Måloppnåing 2020
- Den kulturelle spaserstokk har hatt nokre forstillingar, men mykje vart sett på vent til 2020 på grunn av pandemien.
- Sysselsetting med NAV har gått omtrent som normalt. 10 personar har vore innom. Nokre har fått jobb, nokre har begynt på skule, og nokre er framleis med i prosjektet.
- Aktiv ferie: Svært gode resultat. Om lag 500 deltakarar frå SFO-alder opp til 18 år. I tillegg fekk bukollektivet tilbod om dette.
- Arbeid med stiar har vore vidareført.
- Stor auke på hjelp til privatpersonar.
- Utdeling av matkasser til jul i samarbeid med butikkar og privatpersonar. 42 familier fekk tilkøyrt desse.
- Frivilligsentralen møter stor velvilje i lokalsamfunnet og har fått inn mykje midlar utanfrå til ulike prosjekt.
Korona
- Frivilligsentralen har har brukt svært mykje tid og pengar på koronatiltak. Totalt brukte gjekk det med 386 timar og mykje ekstra køyring med utstyr og prøver til analyse. I tillegg vart det kjøpt inn ny tilhengar til smitteutstyr. Totalt har 200.000 kroner av Frivlligsentralen sitt budsjett blitt brukt til dette arbeidet.
- I starten av pandemien vart mange frivillige engasjerte i å handle mat til eldre.
- Nokre av dei faste aktivitetane måtte dessverre leggast på is på grunn av pandemien. Desse blir starta opp att så snart det let seg gjere.