Landbruk og viltforvaltning

Giske kommune kjøper landbrukstenester frå Ålesund kommune.

Giske er ein middels stor landbrukskommune i Møre og Romsdal. I 2020 var det totalt 27 gardsbruk som søkjer produksjonstilskot. Desse gardbruka driv om lag 8700 dekar med jordbruksareal, kor om lag 60-70% er leigd areal. I haustsøknaden er det oppgitt totalt 328 mjølkekyr, 113 ammeku, 719 andre storfe, 221 verpehøns. Der var 500 vinterfora sau og 487 slaktegris.

Tal årsverk og omsetning i næringa er stabil og tala er omlag som for 2019: Det vert utført oml. 43 årsverk dirkete i landbruksproduksjonen. Kvart årsverk i landbruket skaper ein til to arbeidsplassar i andre tilstøytande verksemnder.

Giske kommune har eit aktivt og godt landbruksmiljø. Her er god fornying I bygningsmasse og god og variert produksjon. Det ser ut som det er bra interesse for å overta bruk som er i drift og det er eit aktivt Bondelag i kommunen.

Kommunen sin viktigaste oppgåve for å oppretthalde og utvikle landbruket i kommunen er ei stødig arealforvalting, der ein tar omsyn til dyrka jord og unngår fragmentering av samanhengande jordbruksareal.

Landbrukskontoret er sekretæriat for viltnemnda. Bestanden av hjort er igjen aukande - det vart felt 70 dyr i 2020 av 86 tildelte fellingsløyve. I Giske er det ein relativt stor rådyrbestand - i 2020 vart det felt 158 dyr, I fylje bestandsplanen er det fri kvote på rådyr I Vigra hjortevald. Det er også felt 42 dyr som skadeløyve. Totalt er det felt 200 rådyr, dette er det høgaste talet felte rådyr I Giske kommune gjennom alle tider.

Giske fikk i 2019 område for utvalgt kulturlandskap, Alnes (UKL). Dette er eit av Norges mest verdifulle kulturlandskap. Områder er valg ut fordi det har store biologiske og kulturhistoriske verdiar. Det er I 2020 behandla 8 saker, Heile tilskot kommunen fekk løyvd til føremålet er løyvd; kr 550 000,-.

For tilskotsordninga Spesielle tiltak i landbruket (SMIL) er det behandla 1 sak og løyvd kr 100 000,- som er heile ramma for 2020.

For tilskotsordninga Drenering av jordbruksjord er det behandla 2 saker og løyvd kr 134 000,- av ramma på kr 150 000,-.

Landbrukskontoret har på vegne av kommunen behandla ein konsesjonssøknad, ein søknad om omdisponering av dyrkbar jord og 3 søknadar om deling etter jordlova.

Godkjent areal 2020 2019
Felte hjortar i 2020 23.500 70 77
Felte rådyr i 2020 29.550 158 121
Rådyr felte som skadeløyver i 2020 42
270 198

KOSTRA

KOSTRA
2020 Giske 2020 Kostragruppe 1 2019 Giske 2019 Kostragruppe 1 2018 Giske 2018 Kostragruppe 1
329 Landbruksforvaltning og landbruksbasert næringsutvikling Netto driftsutgifter per innbygger per år 62 232 61 310 60 348