Kulturkontoret

Måloppnåing

På grunn av vakante stillingar ved kulturkontoret, måtte ein prioritere dei viktigaste oppgåvene.

Det vart betalt ut kulturstøtte til frivillige lag og organisasjonar innan musikk og idrett.

i 2020 var det levert 11 søknader om spelemidlar til anlegg for idrett og fysisk aktivitet med samla søknadsbeløp på 13.350.000 kroner. Fire søknader fekk tilskot på til saman 3.491.000. For søknadsåret 2021 er det levert søknader om til saman 10.089.000 kroner.

Rullering av kulturminneplanen vart ikkje ferdig behandla i 2020, slik det var planlagt. Kommunen samarbeider med kulturavdelinga i fylket med sikte på ferdigstilling av arbeidet.