Biblioteket

Måloppnåing

  • 605 aktive personlege lånarar og 159 institusjonar
  • Besøk: 9 912
  • Utlån: Totalt 13 079 alle medier. Dette er 14 135 færre utlån enn det beste året (2017), men likevel 1200 fleire utlån enn i 2016. Utlån av e-bøker har stige med 500 utlån, medan utlån av fysiske lydbøker på cd er halvert frå året før. Det har ein klar samanheng med at forlaga ikkje lenger gir ut lydbøker på cd. Men dette er ein type utlån som går over i e-bokutlånet - det blir lånt lydbøker som aldri før. Utlån av musikk på cd og film på dvd er i ferd med å bli utkonkurrert av ulike strøymetenester.
  • Daggry barnehage har besøkt biblioteket med grupper på 8 barn annakvar veke i den tida ein kunne ta mot grupper.
  • Den nye e-bok-appen BookBites ser ut til å fungere godt, og Giske folkebibliotek har klart eit aukande utlån av e-bøker og e-lydbøker.

Korona

Korona-pandemien har utan tvil hatt stor innverknad på utlån og besøk i 2020. Biblioteket var heilt stengt dei to første vekene, og mellom 27. mars og 15. juni ga ein eit “take away-tilbod", der ein måtte bestille bøker via biblioteksystemet, e-post, telefon eller Facebook/Messenger, med utlevering i døra etter avtale, eller utkøyring til dei som ikkje kom seg til biblioteket. Alle kanalar vart tekne i bruk, men bodskapen nådde nok likevel ikkje ut til alle tidlegare lånarar. Mange av dei eldste lånarane kjem ikkje lenger til biblioteket, og det er heilt slutt på at barn myldrar i bibliotekslokala etter skuletid. Nedgangen i utlån er også prega av at det ikkje har vore mogleg å byte ut bokdepota i barnehagane, legekontoret, helsestasjonen, NAV og tannlegekontoret slik ein plar gjere i løpet av året.