Utdrag av Giske Kommune sin rekneskap for 2020

Økonomisk oversikt drift - inntekter

Økonomisk oversikt drift - Driftsutgifter

Utvikling i fordeling - driftsinntekter

Utvikling i fordeling - driftsutgifter

Sum driftsinntekter, sum driftsutgitfer, Disposisjonsfond

Oversikta viser forholdet mellom sum driftsinntekter, sum driftsutgifter og disposisjonsfond, og ein ser at driftsinntektene og driftsutgiftene er nesten samkøyrde. Dette viser at driftsnivået er for høgt og kommuenen sin evne til å betene gjeld, finansiere investeringer og avsette midler til fond er svekka. Disposisjonsfondet er null og må byggast opp skal kommunen ha ein berekraftig økonomi.


Løn og sosiale kostnader utgjer ein stor del av kommune sine utgifter. Det vart i 2020 utbetalt 236,421 mill. kr i fastløn, ei auke på 0,03% frå 2019, men ein nedgang på 4,69 % frå budsjettet. Variabel løn (unntatt sjukevikar over 16 dagar og permisjonar med refusjonsrett) hadde eit meirforbruk på 19,7 mill kr, 42,27% og 2,74 % mindre enn i 2019. Meirforbruket vert dekt av sjukelønsrefusjon som ikkje er budsjettert. Sosiale kostnader vart ca 244 000 kr (0,31%) over budsjett. Dette skriv seg i hovudsak frå endringa i premieavviket og bruk av premiefond. Teknisk Beregnings- og Statistikkutvalget for Kommunesektoren (TBSK) har enno ikkje rekna årslønsveksten fra 2019 til 2020 for kommuneansatte.

Giske kommune hadde eit mindreforbruk høve budsjettert løn og sjukelønsrefusjon på 2 mill kr i 2020. På grunn av det pågåande koronautbrotet vart lønsoppgjeret utsatt og lavere enn budsjettert. Det vart også nedsett arbeidsgiveravgift i 3 termin. Kor mykje dette utgjer er vanskeleg å anslå, men hadde dette vore som normalt ville kommunen hatt eit meirforbruk.

Der ligg ein periodiseringsfeil i rekneskapet ved at variabel løn frå desember er ført i januar året etter. Endring av periodisering av variabel løn er delvis rekneskapsført i 2020 med, ca 1,4 mill.kr, og er med i oversikta ovom. Det var ikkje avsatt ekstra midler for å dekkje dette.

Netto driftsutgifter per rammeområde

Netto driftsutgifter per rammeområde
Regnskap Buds(end) Avvik Forbruk i % Budsjett Regnskap
Rammeområde 2020 2020 2020 2019
1 POLITISK STYRING 4 041 547 3 825 139 216 408 106 3 825 139 4 154 614
2 KOMMUNE LEIING - STAB 16 573 017 16 754 476 -181 459 99 16 754 476 18 052 736
3 FELLESUTGIFTER/FELLESINNTEKTER 18 524 284 1 134 482 17 389 802 1 633 1 244 009 2 262 540
4 DIVERSE TENESTEOMRÅDE 8 538 125 9 823 838 -1 285 713 87 9 823 838 9 167 896
5 OPPVEKST 208 785 755 212 254 511 -3 468 756 98 210 877 324 211 677 796
6 BARN, FAMILIE, HELSE 48 167 936 48 365 308 -197 372 100 48 036 052 40 291 281
7 PLEIE, OMSORG OG SOSIAL 156 839 919 148 403 780 8 436 139 106 147 998 780 146 953 430
8 MILJØ OG KULTUR 6 164 144 6 788 441 -624 297 91 7 988 441 8 635 657
9 TEKNISK 53 071 365 52 427 091 644 274 101 50 891 171 56 260 378
Sum gruppeansvar: 10 KYRKJELEGE FØREMÅL 5 783 257 5 758 000 25 257 100 5 758 000 5 031 128
Sum rammeområde 526 489 349 505 535 066 20 954 283 104 503 197 230 502 487 456

Detaljar kring dei enkelte rammeommråde kjem lenger bak under del 2 Einingar.

Det har gjennom heile året og vore arbeidd med tiltak for å ta ned drifta. Fokuset på tiltak frå økonomiplanen, samt nye tiltak har vore stort og det har vore månadlege rapporteringsmøter. Kommunedirektøren har hatt krav om fokus på eit solidarisk ansvar for den samla kommuneøkonomien, ikkje berre på det enkelte rammeområdet.

Om ein samanliknar med rekneskap frå 2019 justert med konsumprisindeksen på 3,3% ser ein at driftsnivået har auka tilsvarande 7,4 mill. kr.