Skatt - rammetilskot - finans
Skatt og rammetilskott
Giske kommune fekk i 2020 kr 495 349 520 i skatt og rammetilskot gjennom inntektssystemet. Dette var kr 4 541 520 meir enn justert budsjett. Skatteinngangen for Giske kommune vart 1,2 mill. kr høgre enn justert budsjett, Giske kommune Inntektsutjamning var i budsjettet lagt inn med 19,6 mill kr og at Giske hadde 87,5% av landsgjennomsnittet. Giske kommune fekk 10,9 mill. kr. i inntektsutjamning og hadde i 2020 skatt på 91,3 % av landsgjennomsnittet.
Gjennom rammetilskottet har Giske kommune motteke 12,4 mill kr i ekstra tilskott til korona, av dette er 3 mill. kr skjønstilskott.
Øvrige generelle statstilskot
Kommunen fekk i 2020 utbetalt kr 1 494 848 i rentekompensasjon frå skulepakke, kyrkjepakke og omsorgsbustader. Dette var kr 105 000 lågare enn justert budsjett, og kjem av den lave lånerenta.
Det vart utbetalt 3 154 546 kr frå Havbruksfondet. Dette var det ikkje budsjettert med.
Eigedomsskatt
Eigedomsskatt vart utskrive både på verk og bruk, bustad og fritidseigedommar. Ved fastsetjing av skatteverdien for bustadeigedommar vart formuesgrunnlag frå skatteetaten nytta, medan det vart leigd takstfolk for taksering av fritidseigedommar, verk og bruk samt bustadeigedommar der formuesgrunnlag ikkje var fastsatt av skatteetaten. Satsen for eigedomsskatt vart auka frå 2‰ i 2019 til 3 ‰, Inntektene frå eigedomsskatt vart 20,2 mill. kr, kr 408 000 høgre enn opprinneleg budsjett.