Rekneskapsmessig resultat
Drift:
Økonomisk oversikt drift viser: | ||
---|---|---|
Brutto driftsresultat | kr | 13 232 906 |
Netto driftsresultat | kr | -5 951 401 |
Rekneskapsmessig meir/mindreforbruk | kr | -11 629 428 |
Rekneskapen til Giske kommune for 2020 vert avslutta med eit underskot på 11,6 mill. kr. Dette skjer etter at pliktige strykningar ved rekneskapsavslutninga er gjennomført.
Det var budsjettert med overføring frå drift til investering med kr 1 350 000. I budsjettet for 2020 var det og lagt inn ei avsetning til disposisjonsfond på kr 234 056 og dekning av tidlegare års meirforbruk med kr 10 864 745. Desse er i si heilheit stroke ved rekneskapsavslutninga 2020 og er pliktige strykningar.
Investering:
Økonomisk oversikt investering for 2020 viser udekka / udisponert resultat = 0.
Finansieringsbehovet var kr 35 003 745, av dette er kr 18 295 462 finansiert ved lån, dvs. ein låneandel på 52,27 % og ein nedgang frå 2019 der låneandelen var 78,55%.