MÅL
Giske kommune skal ha ein bærekraftig kommunal økonomi
MÅL | Giske kommune skal vere ute av ROBEK i løpet av 2021 | Det skal vere økonomisk balanse i drifta kvart år i planperioden | Netto driftsresultat skal vere 1,75% av brutto inntekter frå 2021. | Det skal avsetjast til disposisjonsfond kvart år i perioden. | Disposisjonsfondet skal vere 10% av brutto driftsinntekter innan 2027. |
Korleis lukkast | Følge forpliktande plan | Alle einingar må tilpasse tildelt budsjettramme | Alle einingar må tilpasse tildelt budsjettramme | ||
Korleis måle | Bokført dekning av tidlegare års rekneskapsmessige underskot skal følge forpliktande plan | Netto driftsresultat i prosent av brutto driftsinntekter | Av Rekneskapsmessig meir/mindreforbruk skal 1,75% av brutto drifsresultat setjast av til disposisjonsfond | ||
Ambisjon 2020 | 0 | 1,75 % | 1,05% | 1,05 % | 0 |
Resultatmål 2020 | kr 10 864 745 | 1,05% | 1,05% | kr 0 | 0 |
Resultat 2020 | kr 0 | -0,85% | -0,85% | kr 0 | 0 |
Giske kommune har handlingsregel for økonomiskberekraft, jf. tabell under, som viser mål satt i økonomiplan og indikatorer for rekneskap 2020.
Handlingsreglar, retning for dei kommunale tenestene i planperioden
Nøkkeltall | Vedteke nivå | Resultat 2020 |
---|---|---|
Netto driftsresultat i % av driftsinntekter | Minst 3-5% | -0,85 % |
Disposisjonsfond i % av driftsinntekter | Minst 5-10% | 0 % |
Netto finansutgifter i % av driftsinntekter | Maks 2-3% | 8,38% |
Netto lånegjeld i % av driftsinntekter | Maks 100% | 150,59 % |
Avvik frå budsjett (netto driftsresultat) | Maks 0,5-1% | 187 % |
Modellen for økonomisk berekraft set krav til ei langsiktig økonomistyring av kommunen. Handlefriheit og robustheit er berande element i modellen. Kommuneøkonomien skal kunne handtere uforutsette hendingar utan at det får konsekvens for tenestetilbodet samtidig som generasjonsprinsippet vert ivaretatt.
Gjeldsnivået er over måltalet, men ein ser ein nedgang som følge av at kommunen er i ROBEK og har begrensingar i høve nye låneopptak. Netto finansutgifter vil bli redusert som følge av reduserte låneopptak.
Kommunen har ikkje disposisjonsfond noko som gjer at Giske kommune er sårbar overfor svingningar og klarer ikkje å handtere uforutsette hendingar utan konsekvenser for tenestetilbodet.