Plan

Hovudsaka for plan i 2018 var ferdigstilling av kommuneplan, arealdelen. I tillegg vart det behandla fleire private reguleringsplanar. På grunn av mange merknader og endringar, vart kommuneplanen sendt ut på andre høyringsrunde, og med ny behandling i kommunestyret vart saka ikkje ferdig i 2017 som planlagt. Dette er ei av dei største sakene i 2018 med ei grundig saksbehandling, høg grad av medverknad frå mange partar, og med politiske vurderingar som både var nødvendige og nyttige. Planleggaren slutta i stillinga midt i året, men vart innleigd for å sluttføre arbeidet. Dette gav ein tilleggskostnad, men vart vurdert som heilt nødvendig. Plan hadde eit meirforbruk på kr 328.000. Regulering ligg også til planleggar, men er kommentert i eige punkt.

Arbeid med kommunedelplan for naturmangfald vart fullført og vedteken i 2018, og denne planen blir verdifull i vidare planlegging og saksbehandling.

Kommunen har ei planleggarstilling. Delar av ei ingeniørstilling vert også brukt til planarbeid, så til saman har vi omlag 1,75 % på plan.