Pedagogisk rettleiingsteneste

Pedagogisk rettleiingsteneste hadde ei 60% stilling i rådmannen sin stab for å arbeide med utvikling, innovasjon og oppfølging av driftsoppgåver som verksemdsplan, rektormøte og regionsmøte i SR-Oppvekst (Sunnmøre regionsråd, oppvekst). Pedagogisk fagrettleiar arbeider tett inn mot skulane, og har hatt den faglege leiinga i arbeidet med kvalitetsplan, tilstandsrapport og kompetansutvikling. I 2018 pensjonerte fagrettleiaren seg etter mange års teneste, og ny rettleiar vart tilsett. I tillegg til arbeidet inn mot oppvekst, er han også prosjektleiar for prosjektet BTI - Betre Tverrfagleg Innsats og han har ei sentral rolle i prosjektet Talk, som rettar seg mot barn og unge med Asperger syndrom, og som no blir eit tverrsektorielt prosjekt med ei noko vidare målgruppe. Det største utviklingsarbeidet i skulen no er fagfornyinga, innføringa av det nye læreplanverket.

Hausten 2018 var pedagogisk konsulent konstituert som kommunalsjef, og konsulentstillinga har stått vakant. Dette har medført at mange oppgåver knytta til denne stillinga måtte løysast med hjelp frå pedagogisk fagrettleiar.