Barnevernstenesta

Barnevernstenesta: 52 meldingar, 10,5% fristbrot, 91 med hjelpetiltak, tilsyn fosterheim 2 avvik. 4 saker henlagt, undersøkingssaker 56, barn med tiltaksplan 60, 20 barn utan ferdig tiltaksplan, 12 barn under omsorg. På grunn av vakansar har vi ikkje klart å halde oss innan fristen. Det er gjort strenge prioriteringar på kva oppgåver vi må ta og la dei mindre alvorlege vente. Barnevernstenesta hadde eit mindreforbruk på om lag 0,5 mill, dette grunna 5 mnd med 2 vakante stillingar. Barnevernstiltak i og utanfor familien hadde samla eit meirforbruk på om lag 0,8 mill.

Eit betydeleg arbeid vart lagt ned for å førebu etablering og drift av felles barnevernvakt for kommunane Stranda, Sykkylven, Sula og Giske. Denne starta opp april 2018 og har så langt fungert tilfredstillande. Barnevernvakta er viktig for å styrkje akuttfunksjon og beredskapsomsyn. Tenesta har fremja større grad av openheit om tenesta gjennom året. Trass den vanskelege driftssituasjonen har vi gjennomført kompetansehevande tiltak på tilbod til foreldre. Det er gjennomført fleire gruppetilbod til foreldre i samarbeid med dei andre tenestene i eininga. Psykisk helseteam er ein stor ressurs og er inne i fleire av sakene som kjem til barnevernet, både før og etter ei undersøkingssak. Samarbeid og heve kompetanse i andre tenester er viktige for å styrkje det totale tilbodet til barn og familien. Tenesta har hatt opplæring i bruk av familieråd og metoden vert i dag nytta. Barnevernet har styrkt sitt repertoar og kvaliteten på hjelpetiltak med fleire varierte og skreddarsydde tiltak.


Kostra, barnevern 2018

Kostra, barnevern 2018
Nøkkeltall Enhet Giske Kostragruppe 11 Landet uten Oslo
Netto driftsutgifter til barnevernstenesta pr. innbyggar 0 -22 år kr 5 205 8 521 8 326
Barn med melding ift innbyggarar 0 -17 år Prosent 2,4 4,4 4,5
Prosentandel barn med undersøking ift innbyggarar 0-17 år Prosent 3,2 4,6 4,8
Barn med barnevernstiltak ift innbyggarar 0-22 år Prosent 4,4 4,4 3,9
Brutto driftsutgifter pr. barn med undersøking eller tiltak kr 44 924 51 235 49 940
Brutto driftsutgifter pr. barn som er plassert av barnevernet kr 338 609 414 663 442 356
Barn med undersøking eller tiltak pr. årsverk antall 24,2 18,6 19,1
Undersøkingar med handsaming innan 3 mnd Prosent 86 85 87