Logopedteneste

103 saker er i gong og 17 saker på venteliste. Det vert sett på tiltak for å redusere ventetida. Målet er tidleg intervensjon, og raskast mogleg behandling er prioritert, jamfør opplæringslova om tidleg innsats. Det vert utarbeidd individuelle treningsopplegg for kvar brukar, som mellom anna stiller krav til øving mellom kvar logopedtime.Dei individuelle treningsopplegga gir effekt og er nødvendige. Hovudtyngda av tilviste saker er barn i barnehagealder og i 1. klasse. Ei anna gruppe er vaksne brukarar som blir tilvist frå sjukehus eller lege. Tenesta har nådd målet om å vere eit lågterskeltilbod som skal legge vekt på førebygging og tidleg innsats og rehabilitering. Rettleiing til foreldre er viktig der dei blant anna får med treningsopplegg der dei skal hjelpe barna sine. Målet er også nådd i høve å gi rettleiing til barnehage- og skulepersonale og foreldre.